Hopp til innhold

Oppgitt over heftig prisauke

– Det er urimeleg at me skal betale for leige av uteareal heile året, når me berre kan bruke det nokre månader, sukkar restauranteigar. Byråden lovar å sjå på reglementet snarast råd.

Uteserveringen ved Dickens på Torgallmenningen

250 PROSENT: Prisen for dette arealet til uteservering har auka frå 100.000 kroner til 250.000 kroner, fortel restauranteigar Gunnar Tørnholm ved Dickens på Torgallmenningen.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Som NRK fortalde i går hadde ein fjerdedel av alle uteserveringane i Bergen forsvunne ved inngangen av august, på grunn av nye leigeprisar.

Tidlegare kunne kafear, restaurantar og pubar betale leige for dei månadane dei ønskte å bruke utearealet. Men etter at Trafikketaten tok over som ansvarlege for uteserveringa må serveringsstadene betale for heile året, uansett om dei har uteservering i tre månadar eller 12.

Leige auka med 150.000

For Smakverket kafe blei leigeprisen for utearealet tidobla frå 13.000 til 140.000 kroner, noko som resulterte i at kafeen måtte legge ned uteserveringa i sommar.

Sjølv om kvadratmeterprisen for leige av uteareal er den same, gir dei nye reglane store utslag for mange.

Restauranten og utestaden Dickens ønsker berre å leige utearealet i fem månader. Dette har dei også fått i over 20 år. Men frå i år forlanger altså kommunen at alle serveringsstadene leiger utearealet i 12 månader, og Dickens må no ut med 250.000 kroner i året, mot 100.000 tidlegare år.

– Me kan ikkje bruke utearealet meir enn fem månadar i året, for det er ikkje vêrforhold til det her. Då hjelper det ikkje at kvadratmeterprisen er den same, seier eigar Gunnar Tørnholm.

– Det er urimeleg at me skal betale for 12 månadar, når me berre kan bruke arealet i fem månadar. Eg meiner me må få betale for dei månadane me leiger og brukar.

– Molbupolitikk

Gårsdagens sak på Vestlandsrevyen har også fått Arbeidarpartiets byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup til å reagere.

– Eg trudde ikkje det var sant. Dette er jo molbupolitikk. Bergen har så få månadar med varmt og fint vær, og då skal byen syde av liv. Då kan ikkje kommunen strupe det gjennom eit antikvarisk utleigereglement.

Schjelderup krev ein gjennom av reglementet snarast råd.

– Det kan ikkje praktiserast slik og eg forventar at byrådet ryddar opp. Det må sjølvsagt vera ein form for likebehandling, men det viktigaste er at bergensarane kan få nyte uteservering dei få soldagane vi trass alt har.

Lovar å sjå på saka

Byråd Henning Warloe (H) for byutvikling, klima og miljø i Bergen seier formålet med reglementet var å laga ei ordning som var lik for alle.

– Problemet har vore at det har vore ulik kvadratmeterpris. Dette var eit forsøk på å gjera det meir rettferdig med å ha lik kvadratmeterpris. Uansett korleis me lagar reglane vil nokon vera misfornøgde, seier byråden til NRK.

No lovar han å sjå på saka så raskt som mogleg. Han syner også til at utestadane har fått tilbod om å berre betale for eit halvt år, i staden for eit heilt år.

Det hjelper ikkje stort for Smakverket som NRK skreiv om i går. Betaling for eitt halvt år ville likevel betydd ei auke i leigeprisen frå 13.000 kroner til 70.000 kroner.