NRK Meny
Normal

Utelukkar godsterminal i Arna og på Haukås

Byutviklingskomiteen i Bergen med tydeleg signal: Det er uaktuelt å plassera ein framtidig jernbaneterminal i Arna eller på Haukås i Åsane.

Jubel i Arna etter at byutviklingskomiteen utelukka godsterminal i Arna

JUBEL: Jarle Viken i aksjonsgruppa Opp for Arna var svært nøgd med avgjerda til byutviklingskomiteen i Bergen torsdag. Komiteen valte å kategorisk avvisa at Arna og Åsane er aktuelle lokasjonar for Jernbaneverket sin framtidige godsterminal.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dette er beskjeden me har venta på, utbryt Jarle Viken i aksjonsgruppa, som har kjempa for å hindra at Jernbaneverket sin godsterminal vert plassert på Unneland i Arna.

Torsdag gjekk fleirtalspartia Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre inn for at Bergen kommune skal tilrå at godsterminalen skal plasserast ved Hordnesskogen i Ytrebygda.

Men kanskje meir overraskande: Alle partia utanom Høgre valte å understreka at dei ser det som heilt uaktuelt å lokalisera godsterminalen på Unneland i Arna og på Haukås i Åsane.

Komiteleiar Geir Steinar Dale (Ap)

AVVISER ARNA OG ÅSANE: Leiar i byutviklingskomiteen Geir Steinar Dale (Ap) er sjølv frå Arna, og var ein del av fleirtalet som valte å avvisa alternativa i Åsane og Arna.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ut ifrå dokumenta me har hatt tilgang på, meiner me at det er rett å sjå bort frå desse plasseringane, seier komiteleiar Geir Steinar Dale (Ap).

Motstandarane av godsterminal i Haukås jublar også over innstillinga frå komiteen.

– Dette er veldig gledeleg. Me føler faktisk no at me langt på veg kan pusta letta ut, seier Kristian Rolland som var tilhøyrar under komitemøtet.

Haukås-alternativet vart lansert av kommunen sin eigen fagetat, etter at Jernbaneverket først hadde bede bergenspolitikarane om å velja mellom Unneland og Hordnesskogen.

– Ikkje riktig å vera bastant

Høgre er det einaste partiet som ikkje gjekk inn for å avvisa alternativa på Unneland og Haukås.

– Me synst det er heilt feil å vera så bastante på dette tidspunktet. Dette er eit innspel til eit overordna plandokument, og me er overraska over at fleirtalet vel å gjera dette, seier Norvald Visnes (H).

Høgre gjekk inn for å plassera godsterminalen på Espeland i Arna. Alle parti utanom Framstegspartiet og nettopp Høgre valte også å sjå bort frå dette alternativet.

– Det synst me er svært uheldig, seier Visnes.

– Må kjempa vidare

Sjølv om bypolitikarane i Bergen vel å verna Åsane og Arna mot godterminalen, er ikkje siste ord sagt i saka. Bergen kommune er berre høyringsinstans i saka, og det er politikarane på Stortinget som endeleg avgjer kor godsterminalen skal plasserast.

– Me skal kjempa vidare. Men me kan vanskeleg sjå føre oss at Jernbaneverket, regjering og storting går i mot eit såpass tydeleg signal frå Bergen, seier Jarle Viken.

Det er bystyret som vedtek den endelege høyringsuttalen til Bergen kommune.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.