Hopp til innhold

Utdaterte planar

Kommunale reguleringsplaner som er utgått på dato, kan gi uønsket bygging i strandsonen.

Mange kommunale reguleringsplanar er utgått på dato.

Det mener Egil Hauge hos Fylkesmannen i Hordaland.

- Dei gamle planane er som regel ikkje tilpassa dagens utbyggingar av ferieleilegheiter og hytter.

Femten år gamal

I førre veke kunne me høyra om planane om å bygga 220 moderne feriebustadar i strandsona på Nappane i Lindås kommune. Planane kom som lyn frå klar himmel for både lokalbefolkinga i den vesle bygda og på ordføraren i Lindås Tove Linnea Brandvik.

Bygging av eit hyttefelt på Nappane har lagt i kommunen sine reguleringsplanar godkjende heilt tilbake til 1990, men først i seinare tid har utbyggarar vist interesse for å bygga.

- Det er jo opplagd at strandsonepolitikken har blitt innskjerpa, seier Egil Hauge hjå Fylkesmannen. Gamle reguleringsplanar er eit problem, fordi dei vart til i ei tid der det vart stilt andre krav, meiner han.

- Må vere vakne

Hauge trur det er ein av grunnane til at det framleis i stor grad vert bygd i strandsona, sjølv om den såkalla strandlova eigentleg skulle setta ein stoppar for bygging i hundremetersbeltet nærast sjøkanten.

- Viss kommunane ikkje er vakne på å sjå det i lys av ny politikk og ny byggjemåte kan det lett bli slik at det planleggast prosjekt som ikkje blir noko av eller ikkje burde blir noko av, seier Hauge.

No skal Miljøverndepartementet vurdera om utbyggingsplanane på Nappane verkeleg er i samsvar med reguleringsplanen, som altså er over femten år gammal.