Hopp til innhold

Har DNA frå gjerningsmannen

Jenta som skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep førre veke, vart avhøyrt av politiet i dag. Sjølv om politiet har DNA frå gjerningsmannen, står dei utan mistenkte.


Jenta som skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep førre veke, vart avhøyrt av politiet i dag. Sjølv om politiet har DNA frå gjerningsmannen, står dei utan mistenkte.

INGEN MISTENKTE: Snart ei veke etter overgrepet har politiet ingen mistenkte i saka, fortel politiadvokat Trond Eide.

Overgrep Flaktveit

OVERGREP: Det seksuelle overgrepet mot jenta skal ha skjedd på ein tursti i nærleiken av Flaktveit idrettsanlegg.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Vi har jobba intenst med denne saka. 15 etterforskarar i politiet var på jobb i helga, seier politiadvokat Trond Eide ved Bergen sentrum politistasjon til NRK.

Det var i førre veke at ei seks år gamal jente på veg heim frå skulen i Åsane i Bergen, då ein mann skal ha forgripe seg på henne. Overgrepet skal ha skjedd på ein tursti i nærleiken av idrettsanlegget på Flaktveit.

Politiet held altså fram den intense jakta på gjerningsmannen, som er beskrive som ein mann med nordisk utsjånad. Han hadde med seg to hundar

Spor førte ikkje fram

Før helga vart det meldt at politiet hadde eit biologisk spor i form av eit hårstrå som ikkje høyrde til jenta. Etter nærare undersøkingar viste dette seg å stamme frå eit dyr.

– Vi har DNA frå gjerningsmannen, men det er ikkje nok til ein fullstendig DNA-profil, fortel Eide som seier dei får god hjelp frå Kripos i arbeidet med å sikre biologiske og elektroniske spor.

Likevel kan det bli vanskeleg å nytte seg av dei elektroniske bevisa i denne omgang. Årsaka til det er at det har vore mange personar i området. Det er først når ein har ein mistenkt at ein kan sjå nærare på elektroniske spor som mobiltrafikk for å knyte ein mistenkt til området i det aktuelle tidsområdet.

Har avhøyrd jenta

Den seks år gamle jenta har i dag vore i avhøyr med politiet i Bergen. Politiadvokaten vil ikkje gå inn på kva jenta har forklart.

– For etterforskinga sin del vil eg ikkje seie noko om det. Vi har elles gjort mange vitneavhøyr, og det er avgjerande i ei slik sak.

Politiet har fått mange tips i saka, men ikkje nok til å koma nærare ei løysing. Dei er svært interesserte i å koma i kontakt med folk som oppheld seg i området Flaktveit skule, Breimyra skule og Hjortlandsvegen tysdag 19. august, mellom klokka 15.30 til 17.30.

– Eg har ein god magefølelse for at vi får ei løysing på denne saka fordi vi har fått inn mange opplysningar, avsluttar Eide.