Hopp til innhold

Ut mot havet

SÆVRØY-FEDJE (NRK): Overfarten frå Austrheim til Fedje er den mest vêrharde ferjestrekninga vi har. Sjølv ein fin dag midtsumars er det sterke bølger.

Mot ferjekaia på Fedje

I HAVGAPET: Innseglinga til Fedje gjennom Mulesundet er ifølge vår ferjeentusiast det flottaste ferjestrekket Hordaland har å by på.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Slik er det alltid når det er sol, forklarer kaptein Eirik Åkra, før han legg til:

– Men dette er jo ingenting.

Matros Erling Herøy, oppvaksen på Fedje, seier han sjeldan vert plaga av vêret.

– Men det er jo mange passasjerar som har spydd om bord. Så det er vel mange som ser annleis på det.

Spesialbygd ferje

Det var BNR som tinga MF Fedjefjord i 2001. Den vart bygd i Bilbao i Spania med tanke på denne strekninga på den norske vestlandskysten.

– Den har til dømes stabilisatortank som gjer den særs stabil. Den er god i hardt ver. Vi må berre avbryte 4–5 timar kvart år, fortel kaptein Åkra.

MF Fedjefjord i dårlig vær på Fedjefjorden

Det kan bli riktig så friskt på Fedjefjorden. Her baksar MF Fedjefjorden seg gjennom saftig uvêr tilbake i november 2011.

Foto: Erling Herøy
fedje

Dette meiner NRK om Sævrøy-Fedje

Overfart og kaiar: 8

Innseglinga til Fedje gjennom Mulesundet er det aller flottaste stykket hordalandsk ferjefart. MF Fedjefjord tar deg inn i det trygge sundet med ferjeleiet ved kyrkja. Du segler gjennom rik kystkultur og eit levande øysamfunn. På veg til Fedje opplever du først lyngheier på Austrheim og vidt utsyn sørover mot Meland og Øygarden, og nordover i det store ukjende. Men sambandet er det mest vêrharde i fylket. Det er eit minus for mange.

Mulesundet Fedje

Gjennom Mulesundet kjem ein tett på.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy 8:

Femten år gamle MF Fedjefjord er spesiallaga for sambandet til øykommunen. Det er stabil i dårleg ver og alle bilane vert parkert trygt under dekk. Salongen er koseleg og det er god uteplass for finvêrsdagane.

Fedje

SPANSKEFERJA: MF Fedjefjord er spesialbygd i Bilbao i Spania, for å takla den tøffe overfarten mellom Sævrøy og Fedje.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Service og fasilitetar: 5

Det er kafeteria om bord, men utvalet er avgrensa. Kaffien er gjennomsnittleg for hordalandsk ferjekafe. Toalett på begge kaiane, og er du heldig er kafeen ved kaien på Fedje open.

Nostalgi og oppleving: 5

Det er livna opp med teikningar av sjøfuglar i salongen, men kanskje ein kunne ha gjort meir ut av den rike historia? Bygningane på Fedje er klart ei oppleving.

Totalt 26 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks