Hopp til innhold

Ut i regnet for å samle inn pengar til vatn

Bøsseberarar går søndag frå dør til dør landet over for TV-aksjonen. Høljeregn i Bergen stoggar ikkje aksjonsgleda.

TV-aksjonen 2014

SJÅ VIDEO: Høljeregn i Bergen er ingen hindring for bøsseberarane. Venninnene Camilla Hay og Marte Lægreid tykkjer det er ein fint symbol for kva dei samlar inn pengar til.

Pumper vann

I Haiti er det svært mange som manglar vatn. I landsbyen Bigonet deler 157 familiar på tre slike vasspumper.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Eg har tenkt på det i mange år. Eg har jo støtta TV-aksjonen før når bøsseberarane har kome på døra, seier Marte Lægreid.

Det var vassaka som gjorde at ho i år ville gjera ein ekstra innsats som bøsseberar. Med seg fekk ho venninna Camilla Hay. Pengane som vert samla inn går i år til Kirkens Nødhjelp og deira vassprosjekt. Dei arbeider med å sikre ein million menneske i åtte land varig tilgang til reint vatn.

Regnfull aksjon

Monica Mæland var med på TV-aksjonen 2014

BØSSEBERAR: Næringsminister Monica Mæland er bøsseberar på femtande året.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Då passa det kanskje fint at haustvêret for alvor herjar i Bergen i ettermiddag. Frå himmelen høljar det ned.

– Det er jo heilt flott. Det er på ein måte den saka vi går for; vatn, smiler venninnene.

Innbyggjarane i Bergen kan i kveld også få næringsminister Monica Mæland på besøk. Dei siste 15 åra har ho også bidratt til TV-aksjonen som bøsseberar.

– Eg syns det er ein god moglegheit til dugnad for andre. Og så syns eg det er bra at barna blir lært opp til å tenke på andre og at vi må hjelpe til når vi kan, seier Mæland før ho går ut i haustregnet.

Bli programleiar

Her i NRK Hordaland auksjonerer vi bort programleiarjobben for ein dag. Då kan du støtte TV-aksjonen og samstundes få vere med som gjesteprogramleiar i ei morgonsending på radio hjå oss.