NRK Meny

Usamde om bybaneutviding

Fleirtalet i fylkestinget er positive til utviding av bybana til nabokommunane, men Høgre og FrP meiner det blir for dyrt.

 

Artikkelen er flere år gammel.

- Me må først sjå på korleis det går med bybaneforslaget som er vedtatt. Rett og slett venta til me har fått erfaringar, meiner fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre.

- For dyrt

Onsdag vedtok fylkestinget at det må bli laga ei utreiing om høve for å utvida bybanen til nabokommunene til Bergen.

Fylkesvaraordfører Tom Christer Nilsen frå Høgre stemte imot forslaget og meiner ein heller burde bruke pengane på busstilbodet.

- Det er mykje viktigare å byggja ut det kollektivtilbodet me har, seier Nilsen. Dessutan blir det for dyrt, meiner han. Særleg med tanke på eventuelle behov for nye bruer.

bybaneduell
Foto: Kristian Ervik / NRK

- Planleggja for framtida

KrF sin Filip Rygg, også partiet sin ordførarkandidat for neste år, er kjent som ein av arkitektane bak visjonane om bybaneutviding.

- Å gå imot dette er visjonslaust. Me kan ikkje gjere det same om 20 år som me gjer no, seier Rygg, som seier han ynskjer å planleggja for framtida.

Utgreiinga skal sjå på om det er høve til å utvida bybanen til nabokommunane til Bergen. Filip Rygg meiner stader som Straume, Knarvik og Kleppestø kan vere veleigna.

Siste video

Se opptak av Vestlandsrevyen mandag
Kjell Steinset i einsam majestet mot ein av sine fire NM-titlar i Knarvik.
Den flytende vindparken Hywind Pilotpark skal produsere strøm utenfor kysten av Skottland. Nesten hele konstruksjonen settes sammen på Stord.