Uroa for laksen etter flaumen

200-årsflaumen i Vosso kan ha gått hardt ut over laksebestanden. – Flaumen kan ha fått store konsekvensar for laksen, seier ekspert som prøver å berge Vossolaksen.

Laks

TRUA: Vossolaksen var lenge trua etter lang tids arbeid var håpet at laksen i elva var redda.

Foto: Lars Laursen / Scanpix
Bjørn Barlaup

UROA: Bjørn Barlaup som er forskingsleiar ved Uni research miljø er uroa for Vossolaksen etter flaumen og den høge vassføringa i Vosso.

Foto: Odd Arne Olderbakk

– Eg er uroa for om flaumen har byrja å røre på substratet, for det kan få store konsekvensar, seier Bjørn Barlaup som er forskingsleiar ved Uni research miljø.

Tysdag gjekk Vosso på Voss og på Evanger over alle sine breidder, og Norges Vassdrags- og Energidirektoratet målte litt over 600 kubikkmeter per sekund ved utløpet av Vangsvatnet.

Det er den største vassføringa sidan 1800-talet, og den store redningsaksjonen av Vossolaksen kan ha blitt sett fleire steg tilbake etter flaumen.

– Kan få store konsekvensar

Laks og sjøaure gyter i grusen i elver som Vosso, og i norske vassdrag gyter laks og aure i perioden frå oktober til november. I grusen på botnen av elva held og yngelen seg, og den høge vassføringa på Voss og i Odda uroar Barlaup.

– I Daleelva i Vaksdal, då det var ein slik tilsvarande flaum, så blei småproduksjonen halvert, seier Bjørn Barlaup ved Uni research miljø.

– Viss substratet først kjem i rørsle, så kan både egg og yngel bli malt opp, og føre til døyelegheit, seier han.

Verst i Odda

Flaum - stranda laks

STRANDA LAKS: Her hamna denne laksen etter flaumen i Lærdalselvi i Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit

Gry Walle som er fylkesforvaltar hjå Fylkesmannen håpar flaumen ikkje har gjort for stor skade for laksebestanden.

– Det som er gytt har nok gått tapt, men når det gjeld laks har dei forhåpentlegvis ikkje gytt noko særleg enno. Det byrjar kanskje seinare, seier Gry Walle.

Bjørn Barlaup meiner fisk har nok måtte bøte med livet, då spesielt i Opo i Odda.

– I Odda er det jo ein veldig spesiell situasjon, for der har det gått hardt for seg. Når det er slike krefter med stein i rørsle så vert ungfiskane og kanskje til og med gytefisken kverna opp, seier han.

Så fort vasstanden er tilbake til normalen vil forskarane dykke i elvene for å finne ut kor store skadar flaumen har gjort for laksen.

Opoelva

OPO: Fem hus, eit uthus, ein garasje, og ein buss vart tekne av elva Opo i Odda.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.