NRK Meny
Normal

UP om påsketrafikken: – Nedslåande

Utrykkingspolitiet skreiv ut nesten 500 fartsbøter på Vestlandet i påsken. 51 sjåførar mista lappen for å ha tråkka for hardt på gassen.

Terje Oksnes, UP

TRAVELT: Distriktsleiar Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet Vest, fortel om ein travel påske med mykje høg fart.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Eg tykkjer det er ganske nedslåande å sjå at vi tar nesten 500 bilistar for fartsoverskridingar. Ti prosent av dei mistar førarretten for mange månadar framover, og det er snakk om høg fart, seier distriktsleiar Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet på Vestlandet.

UP har mildt sagt vore travle i påsken, med fleire kontrollar over heile landet. På Vestlandet, i fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, ser statistikken slik ut når påskekontrollane er talde opp.

  • 490 fartsoverskridingar, der 51 sjåførar mista førarkortet
  • Ti ruskøyrarar, og sju førarkortbeslag for promillekøyring
  • I tillegg kjem 40 andre brot som mobilbruk og beltebruk.

Dei som har mista lappen for høg fart i påsken har ein ting til felles – dei er alle menn.

UP kontroll

Utrykkingspolitiet har skrive ut bøter så det held i påsketrafikken på Vestlandet. (Arkivfoto)

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Høge hastigheiter

– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det blir slik. Mange køyrer for fort når dei har anledning til det, men sakkar når dei veit det er kontroll eller skjønar at det er det, kommenterer Oksnes.

Det er godt kjent for dei aller fleste at UP har hyppige kontrollar i påsken. Dei er ute med alt av tilgjengeleg mannskap, både uniformert og sivilt. Likevel vel mange å tråkke gasspedalen ned til botns.

Av dei 51 førarkortbeslaga som gjaldt for høg fart, vart 20 stykk tatt i same kontroll på E39 sør i Rogaland. Høgste fart var ein mann i 20-åra som vart målt til 169 km/t i 80-sona.

2. påskedag rauk førarkortet for tre personar i Butunnelen ved Hardangerbrua i Hordaland. Høgste fart her var 108 km/t i 60-sona. På E16 nord for Voss køyrde 32 for fort, og to av dei måtte gi rattet over til nokon andre.

– Det er ikkje ufarleg og det er også snakk om ganske så høge hastigheiter, sukkar Oksnes.

Oppmodar folk om å ta det med ro

I Hordaland glir påskeferien rett over i vinterferien, men UP er framleis ute på vegane. Distriktsleiaren i UP seier det blir fleire kontrollar denne veka, og gjentek at folk må ta det med ro i trafikken.

– No går det mot tørre vegar og sommardekk, og vi veit at farten då går opp. Hald deg til trafikkreglane og ta det med ro.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.