Det blei slått full krisealarm i går kveld, då eit Widerøe-fly ikkje fekk ut nasehjulet under landing.
Fleire enn normalt
I løpet av det siste halve året har det vore langt fleire naudlandingar enn normalt på flyplassen
- Det er usedvanleg mange. Det plar gå lang tid mellom kvar gong me opplever slike situasjonar, seier lufthamnsjef Dag Aksnes.
Førebudde seg på naudlanding
Alle tilgjengelege utrykningskøyrety blei kalla ut då krisealarmen gjekk på Flesland i går kveld.
44 passasjerar ombord i Widerøe-flyet måtte førebu seg på naudlanding då nasehjulet ikkje kom ut før landing.
Snøver var årsaka
Rapporten frå Widerøe viser no at snøvêret i Aberdeen, der flyet letta frå, var årsaka til problema.
Snøslaps på flyet fraus fast, og førte til tekniske problem.
- Det er svært sjeldan at store nok mengde snø set seg fast på hjula og skapar slike problem, fortel informasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien.
Flyplassjefen ikkje uroa
Alt gjekk likevel bra på Flesland i går kveld, og auken i naudlandingar uroar ikkje flyplassjefen.
- Alt har jo fungert trygt og greit i alle desse fire tilfella, seier han.