Hopp til innhold

No skal fleire studentar dele do med motsett kjønn

Universitetet i Oslo har alleire gjort det. No følgjer Universitet i Bergen etter og innfører unisex-toalett på alle fakultet. – Kjønnsdelte toalett er gamaldags, meiner rektoren.

Johanne Vaagland, Studentparlamentet

GLAD FOR ENDRINGA: – Det treng ikkje vere bilete av ei kvinne eller ein mann på toalettet, det kan stå toalett og så kan alle gå inn, seier leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Johanne Vaagland.

Foto: Fayruz Sado / NRK

– Vi sett i verk ein plan for å få til kjønnsnøytrale toalett på absolutt alle fakultet innan 2017, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen.

Studentparlamentet på universitetet har talt, og jobba for at universitetet sørgar for kjønnsnøytrale toalett på UiB.

Det var Studvest som først melde om saka, etter at ein student som verken identifiserer seg som kvinne eller mann, opplevde det som belastande å måtte gå på kvinne- eller herretoalett.

No går rektoren ut og fortel til NRK at det blir unisex-toalett over alt på UiB.

– Ein del føler det som stigmatiserande å måtte velje. På same tid veit vi at for del eldre generasjonen er det kanskje viktig å ha kjønnsdelte toalett, så vi kjem til å legge til rette for begge deler, seier rektoren.

– Ekskluderande slik det er i dag

Målet er at dei som ikkje identifiserer seg som eit bestemt kjønn skal sleppe å måtte velje.

– Det treng ikkje vere bilete av ei kvinne eller ein mann på toalettet, det kan stå toalett og så kan alle gå inn, seier leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Johanne Vaagland.

Ho meiner toaletta slik dei er i dag er ekskluderande.

– Ein kan løyse det ved å få både kjønnsdelte og eit unisex-toalett. Det er ganske enkelt, seier Vaagland.

Dag Rune Olsenm rektor

2017: Innan 2017 vil leiinga ved UiB innføre kjønnsnøytrale toalett. Det fortel rektor Dag Rune Olsen.

Foto: UiB

Inspirert av UiO

Inspirasjonen til den nye ordninga kjem frå Universitet i Oslo, som allereie har innført unisex-toalett.

– Vi tenkte at dersom det er ønska velkomen der, vil det gjelde her også. Det blir etterlyst kjønnsnøytrale toalett, og er behov for det. Når dei kjem på plass blir dei godt tatt i mot, seier Vaagland.

Hun trur dei fleste studentane vil ta tilbodet i bruk.

– Mellom anna står jenter står ofte meir i dokø enn menn. Eg trur tilbodet vil bli brukt av fleire enn dei som slit med å velje, seier Vaagland.

Delte meiningar

Men blant studentane er meiningane delte.

– Eg synest eigentleg det er veldig bra. Det opnar opp mogelegheitene for dei som eventuelt er usikre på kva do dei skal gå inn på, seier ein av studentane.

– Eg vil ikkje bruke eit kjønnsnøytralt toalett. Om eg skal gjere jentegreier, som til eksempel å byte bind, så vil eg gjere det på eit jentetoalett, meiner ein kvinneleg student.

Unisex-toalett på universitetet i Bergen, slik der skilta ut no

NYE SKILT: Nokre av toaletta ved UiB vil få nye skilt utan menn og kvinner på innan neste år.

Foto: Fayruz Sado / NRK