– Her ser du, her er alle gullungane våre. Dette er framtida. Om to år ligg desse fiskane på middagstallerkar rundt om i Europa og kanskje til og med i Amerika, viss Trump vil sleppe dei inn.
Driftssjef Per Arne Moldøen viser fram det flytande, lukka kveiteanlegget til Tubilah på Bømlo. Anlegget er unikt for kveite, og er eit pilotprosjekt støtta av Innovasjon Norge og Forskingsrådet.
– Det som er banebrytande er at vi kan hente vatn frå ulike djup og velje temperatur på vatnet, og styre inn det vatnet som er mest eigna for fisken, seier dagleg leiar Jan Ove Morlandsø i Tubilah.
GLADE: Dagleg leiar i Tubilah, Jan Ove Morlandsø og driftssjef Per Arne Moldøen er optimistiske med tanke på framtida.
Foto: Marte Rommetveit / NRKNoreg er verdsleiande på oppdrett av kveite. Fem selskap produserer kveite i Noreg, men så langt har det vore vanskeleg å tene pengar på produksjonen.
No ser framtida lysare ut.
- Les òg:
Tøff kode å knekke
Målet for produsentane på Bømlo er å produsere 500 tonn kveite i året.
– Det er meir stabil produksjon av yngel, og meir jamn og god kvalitet. Vi er mykje meir optimistiske no enn tidlegare. Det er derfor vi går vidare no. Vi har redusert talet på døde fisk, og kan no produsere på berekraftig vis, seier driftssjef Moldøen.
Oppdrett av kveite starta på starten av 80-talet, og Austevoll hadde dei to første oppdrettskveitene i heile verda.
Kveitene ved namn Hallstein og Viggo – etter fiskerisjefane – blei nærast rikskjendisar.
- Les òg:
UNIKT ANLEGG: Her på Tubilah-anlegget på Bømlo vil dei produsere 500 tonn kveite i året med ny varmeregulerande vassteknologi.
Foto: Marte Rommetveit / NRKBetre enn for fem år sidan
På 80-talet følte forskarane at dei var nær gjennombrotet. Det var langt frå sanninga.
– Eigentleg begynner det å sjå ganske mykje lysare ut enn for berre fem år sidan, seier seniorforskar Birgitta Norberg i Havforskingsinstituttet på Austevoll.
Ho har arbeidd med kveite sidan 1986.
Dei siste åra har det blitt produsert om lag 1500 tonn kveite i Noreg, noko som ikkje har vore nok for å dekke etterspurnaden.
– Per i dag er det få kveiteoppdrett, men eg trur det kan bli fleire. Næringa kjem på ingen måte til å bli like stor som laksen, men eg har tru på at det kan bli ei nisje, og at det kan bli ei berekraftig næring, seier Norberg.
- Les òg:
DYR FISK: Kveite er ein av dei dyraste matfiskane vi har i Noreg, men det vert i liten grad drive oppdrett på arten.
Foto: Marte Rommetveit / NRKVil ha næring for framtida
Sterling White Halibut i Ryfylke er eitt av fem selskap som produserer kveite i Noreg.
Dagleg leiar i Sterling, Magnus Skretting, kallar seg sjølv kveitekonge. Han ønskjer konkurransen velkomen.
– Vi har nok yngel til at andre kan komme inn. Vi er opptekne av at vi ikkje skal vere aleine, men at vi skal bli ei næring som byggjer framtida.
- Les òg: