Unik norsk angstbehandling eksportert til fem land

MØLLENDAL (NRK): Fleire land står i kø for å bruke firedagarsmetoden mot angst. No opnar helsepionerane bak behandlinga eige forskingssenter.

Bjarne Hansen og Gerd Kvale

VIL FINNE NYE METODAR: Gerd Kvale og Bjarne Hansen har opna nytt forskingssenter. – Det finst behandling som kan hjelpe mange, men det er framleis folk vi ikkje kan hjelpe fordi metodane ikkje er gode nok. Då må vi forske, seier Hansen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Bli kvitt angsten på fire dagar. Den revolusjonerande ekspressbehandlinga av angst har sendt Gerd Kvale og Bjarne Hansen inn på lista over dei viktigaste personane i verda innan helse.

Metoden har blitt eksportvare, og har no spreidd seg til Island, Sverige, USA og Singapore. Finland førebur seg no på innføring over nyttår, og mange andre land står i kø for å få opplæring av Hansen og Kvale.

I fjor fekk forskarane 111 millionar kroner til å etablere verdas første senter for ekspressbehandling av angst.

Fredag opna det nye forskingssenteret i Møllendalsbakken i Bergen. Namnet er Bergen Center for Brain Plasticity.

– Dette er ei fantastisk hending. Angstlidingar er ei av dei mest alvorlege utfordringane vi har, seier Gerd Kvale.

To tredalar av dei som får angst får det før fylte 25 år. Derfor inviterte forskarane 350 ungdommar til opninga.

– Angst rammar flest unge. Vi ønskjer å gjere folk merksame på angsten, og at ein kan gjere noko med det, seier Kvale.

Frå venstre Bjarne Hansen, Gerd Kvale, kommunal- og integreringsminister Jan Tore Sanner, UiB-rektor

OPNA NYTT FORSKINGSSENTER: F.v. Bjarne Hansen, Gerd Kvale, kommunal- og integreringsminister Jan Tore Sanner, UiB-rektor Dag Rune Olsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke og sjukehusdirektør Eivind Hansen.

Foto: Helse Bergen

Sette saman forsking til ekspressmetoden

Metoden er like enkel som vanskeleg.

– Angstlidingar har hatt gode behandlingar, men noko av problemet er at dei ikkje har vore tatt i bruk. Då Bjarne og eg begynte å jobbe saman, sette vi oss ned og såg på all forskinga som var gjort.

– Vi tok ting vi hadde og ting andre hadde, og sette det saman.

Mange og korte psykologtimar blei erstatta av tettare oppfølging over kortare tid.

– Angst er ei liding du ikkje treng å gå til psykolog for ein gong i veka i årevis, seier Gerd Kvale.

Følgjer pasientar frå morgon til kveld

To av dei fire dagane følgjer dei pasienten frå morgon til kveld. I heilt konkrete situasjonar der angsten kjem krypande, kan psykologane gripe inn umiddelbart.

Klisjeen om å konfrontere angsten verkar, har dei funne ut.

– Noko av det viktigaste vi gjer, er å få dei som slit med desse lidingane til å forstå korleis angsten held det gåande, og korleis vi kan bryte mønsteret. Etter desse dagane er vala dei tar vidare avgjerande for resultatet, seier Bjarne Hansen.

Då 600 pasientar hadde gjennomgått firedagarsbehandlinga, fekk 90 prosent betre helse. Med senteret håper dei å finne svar på korleis dei kan hjelpe endå fleire.

– Det finst behandling som kan hjelpe mange, men det er framleis folk vi ikkje kan hjelpe fordi metodane ikkje er gode nok. Då må vi forske, seier Hansen.