Hopp til innhold

Unik fiskefelle fangar opp 95 prosent oppdrettslaks

Fiskefella i Etneelva er den einaste av sitt slag i heile Europa. – Det er forunderleg at ei slik felle ikkje finst fleire stader i landet, seier forskar.

Fiskefelle i Etne

I TAKT MED VASSFØRINGA: Fella beveger seg i takt med vassføringa i elva, noko som gjer at den kan fange opp store mengder fisk.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

I fem år har fella i Etneelva i Hordaland stogga 95 prosent av rømt oppdrettslaks, som finn vegen dit for å gyte. Sidan Etneelva er eit nasjonalt laksevassdrag skal villaksen i elva ha vern.

Sjølv om fella fangar opp ein stor mengd fisk på rømmen, finst den berre i Etne. Det meiner forskar ved Havforskingsinstituttet Øystein Skaala er forunderleg.

– Vi hadde eigentleg trudd at det ville dukke opp slike feller fleire stader etter kvart som ein såg dei gode resultata, seier han.

Øystein Skaala

FORUNDRA: Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet er forundra over at fiskefella som finst i Etne ikkje er sett opp fleire stader i landet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Nøyaktige målingar

Fella er basert på seks meter lange flyterister. Eit stengsel som går tvers av elva beveger seg opp og ned i takt med vassføringa. Slik blir 95 prosent av den rømte oppdrettsfisken som kjem opp elva slusa inn i eit fangstkammer via ein opning.

Sjå video av laksefella her:

Men fella stoggar ikkje berre rømt fisk, den dannar samstundes grunnlag for den mest nøyaktige målinga av både sjøaure, villaks og oppdrettslaks i heile Europa.

– Fella gjer at vi kan ta fysiske prøvar av kvar enkelt fisk. Dette dannar grunnlag for svært nøyaktige detaljstudium om fiskens arv og miljø, seier Øystein Skaala, som var ein av initiativtakarane til prosjektet.

Funna dannar grunnlag for ein meir omfattande analyse av korleis villbestanden av laks oppfører seg og korleis bestandane variere frå år til år. Skaala seier at det er ein stor forskargruppe som nyttar seg av informasjonen.

Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen, meiner fleire i næringa bør sjå til Etne kommune.

Siri Klokkerstuen

– SJÅ TIL ETNE: Ordførar i Etne kommune, Siri Klokkerstuen, meiner fleire bør sjå til Etne kva gjeld berekraftig utvikling i vassdraga.

Foto: Arbeiderpartiet

– Om ein er opptatt av berekraftig utvikling i vassdraga, bør ein gjere som her. Det er avgjerande for oppdrettsnæringa at vi er med på å bidra til meir kunnskap om korleis vi kan få til ein balansert utvikling i denne næringa, seier ho.

– Stort utviklingspotensial

OURO er ein samanslutning som arbeider for å redusera førekomsten av rømt oppdrettsfisk, og er med på å finansiere fella. Styreleiar i OURO, Roar Paulsen, seier det er gode grunner til å få i stand ei slik felle fleire stader i landet.

– Etneelva har vist seg år etter år å vere offer for rømt oppdrettslaks, og fella har fungert svært godt for å fange opp slik fisk, seier Paulsen.

Han vil ikkje seie i kva elver ei slik felle kunne vore gunstig.

Skaala meiner at ein av grunnane til at det ikkje er sett opp slike feller andre stader, er fordi prosjektet er dyrt å drifta.

– Det er ein del ressursar som skal til for å halde prosjektet i gong. Fordelen er likevel at prosjektet kan vidareutviklast. Det er godt grunnlag for å bruke slike feller i beredskapssituasjonar. Då kan fella nyttast med ein gong fisken rømmer, seier han.

Paulsen i OURO stadfester at fella har stort utviklingspotensial.

– Fella kan bli mobil, og flyttast frå elv til elv ved behov, seier han.

Villaks

MÅLAR: Kvar einaste fisk som hamnar i fella blir målt, vege og merka. Dette dannar grunnlag for den mest nøyaktige målinga av laks og aure i heile Europa.

Foto: Marte Rommetveit / NRK