NRK Meny
Normal

Har du sett slike kongebiblar før?

Olav Skjellevik frå Onarheim på Tysnes har ei heilt unik bibelsamling – ei bibelsamling som er over 400 år gamal.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå dei komplette originalutgåvene av dei tre såkalla dansk-norske kongebiblane.

– Desse skal ikkje finnast samla nokon annan plass, seier Skjellevik.

I Onarheim kyrkje på Tysnes har Olav Skjellevik si private og ganske så spesielle samling av biblar. Og detta er ikkje kva som helst for nokre biblar, for det er dei komplette originalutgåvene av dei tre såkalla dansk-norske kongebiblane.

– Den eldste og fyrste bibelen er frå 1550. Det var kong Christian III som stod bak. Så vart sonen, Frederik III, konge og han kom med si eigen utgåve i 1589. Den tredje bibelen vart ferdig i 1634 av kong Christian IV.

Skjellevik

STOR INTERESSE: -Når ein er historikar kan ein plutseleg få interesse for mykje rart, seier Olav Skjellevik.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ønskja sin eigen bibel

Tidlegare var bibelen berre på latin, men så kom Martin Luther med si tyske utgåve.

– Kong Christian III ønska å omsetta Martin Luther sin bibel og samla difor lærde teologar til å gjera detta. Det vart byrjinga på dei dansk-norske kongebiblane, forklarer Skjellevik.

– Det er ulike kongebiblar etter ulike kongar. Var det prestisje å ha sin eigen bibel?

– Det var nok ein av grunnane til at dei laga ulike biblar, seier Skjellevik.

Inspirasjon frå oldefar

Det er frå oldefaren Skjellevik har fått den store gleda av gamle biblar.

– Oldefaren min vart spedalsk og hamna omsider på pleiestiftelsen i Bergen. Der hadde han med seg ein bibel som kom tilbake til heimen då han døde. Tanken rundt at han sat og las frå denne bibelen på pasientrommet sitt, var med og tente interessa for bibelsamlinga mi, forklarer Skjellevik.

I dag har han fått til saman ei stor bibelsamling.

– Dei tre gamle her er berre ein del av den bibelsamlinga eg har, men dette er gullet, forklarer pensjonisten.

viser bibel

FYRSTE: Den eldste og fyrste bibelen er frå 1550, og det var kong Christian III som stod bak.

Foto: Tale Hauso / NRK

Måtte til utlandet

Desse unike biblane er ikkje til sals i Noreg, så her måtte Skjellevik til utlandet. Han tok kontakt med ulike antikvariat og bad dei om å hjelpa han og prøve å finna dei. Nokre år gjekk før han plutseleg fekk telefon om at dei hadde funne noko.

– Eg vart hoppande glad, seier ein engasjert Skjellevik.

– Men du stoppa ikkje der?

– Nei, det kunne eg ikkje veit du og i fjor kom det plutseleg telefon om at dei hadde funne ein til. Eg hadde ikkje tid til å tenka meg om, så eg svarte ja der eg sat. Då fekk eg i komplett stand, den aller fyrste dansk-norske kongebibelen, forklarer pensjonisten.

Stas å vera tung

Christian IVs bibel frå 1633 veg om lag 7 kg og er heile 13 cm tjukk.

– Det var noko med gildskapet som var grunnen til at dei var så store. Det vart rekna som ein så stor skatt at den presten som ikkje passa godt nok på den vart avsett, forklarer Skjellevik.

Desse tre bøkene skal vera til saman dei einaste av formatet i folioutgåve.

Tjukke bøker

STORE BØKER: Christian IVs bibel frå 1633 veg om lag 7kg og er heile 13 cm tjukk.

Foto: Tale Hauso / NRK

Bibelen er forsynt med talrike tresnitt-illustrasjonar og med utruleg detaljrikdom. Desse er henta frå bibelen til Martin Luther. Språket er dansk, slik det var då, og dei skrivne orda er sette med gammalgotiske typar.

Viser dei fram

Pensjonisten viser fram og fortel om biblane i Onarheim kyrkje til interesserte.

– Når folk kjem fyrste gong så skjøner dei ikkje kva det er for noko og går forstøkt ut igjen. Det er det vanlege, men det viser seg at dei som har vore her ein gong fortel til andre at dei bør ta seg ein tur til Onarheim og sjå dei, seier Skjellevik.

Leva vidare ved å bli leste

Skjellevik håper at dei kan bli tatt betre vare på i framtida, så dei ikkje blir øydelagde. Men ein ting er sikkert, og det er at han ikkje ønskjer at dei skal bli låst inne.

– Mitt ønskje er at dei aldri bli innelåst i til dømes eit brannsikkert skap, for då har ikkje eg noko igjen for det og det har heller ikkje biblane. Dei må bli plassert ein plass der folk på same måte som i 1550 kunne lesa skriptane i bøkene, forklarer Skjellevik.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik