Hopp til innhold

Unge toppkandidatar

To av dei fire toppkandidatane i Bergen KrF er under 30 år.

Rebekka Rosseland

Rebekka Rossland har vore aktiv i politikken sidan ho var 15 år gammal.

Foto: Ingrid Hognaland/NRK

20 år gamle Rebekka Rossland er blitt tildelt fjerdeplassen på Bergen KrF si valliste. Dette blei klart då KrF i går vedtok vallista for valet seinare i år.

– Eg vil inn i bystyret fordi eg opplever at Bergen er ein viktig by, og det er mange ting å ta tak i. Eg meiner KrF kan bli tydelegare på mange område, f.eks. helse og kultur. Det har eg lyst til å gjera noko med, seier Rossland.

– Vil du få så frie tøylar som du ønskjer deg?

– Eg trur eg får ganske frie tøylar innanfor partiet sine grenser. Eg er trygg på at eg held meg innanfor partiet sitt program, for det er det eg står for, seier Rossland.

Skal utfordra erfarne politikarar

20-åringen er også nestleiar i Hordaland KrFU. Til tross for hennar unge alder har ho allereie fem år bak seg i politikken.

– Eg er ung samanlikna med mange andre som stiller til bystyret, men eg trur eg kan vera med på å utfordra. Det er spannande og spenstig å skulla stå der og utfordra folk som har vore med i politikken i 10-20 år, seier Rossland.

Ho er opptatt av fattigdom, rusmisbruk og spørsmålet om sorteringssamfunn.

– Denne typen saker gjorde at eg ikkje greidde å halda meg utanfor politikken, og KrF er det sosiale hjarta blant dei politiske partia, seier 20-åringen.

Støttar ikkje Inger Lise Hansen

– Kva skal gjerast for å fenga yngre veljarar?

– KrF har byrja å satsa på unge. Me har blant anna ein 22 år gammal fjerdekandidat her i fylket. At ein ser folk på sin eigen alder trur eg fengar mange unge. Også at nokon tør å tala saker folk kjenner seg igjen i i kvardagen.

Blant unge KrF-politikarar er Inger Lise Hansen ein av dei mest profilerte. Hansen har ei stund vore omstridt i partiet. Rebekka Rossland støtter ikkje Inger Lise Hansen som vidare nestleiar i partiet.

– Eg synest ho er ei kul jente, men eg er ikkje alltid heilt einig i det ho gjer og det ho meiner. Eg meiner Inger Lise Hansen ikkje har vist at ho på alle måtar tar programmet vårt seriøst, seier Rossland.