Hopp til innhold

Éin av tre unge har smerter i kroppen kvar veke

Ny studie viser helseplager hjå kvar tredje ungdom. Verst er det for dei som har foreldre med dårleg råd.

Katinka Berg og Hanna Grieg Sæthre

UNGE, MEN IKKJE ALLTID FRISKE: Skuleelevane Katinka Berg og Hanna Grieg Sæthre seier dei opplever smerter generelt i kroppen. – Mange stolar på skulen er vonde å sitte på, det hjelper nok ikkje akkurat på.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Eg har generelt vondt i kroppen, seier Katinka Berg.

Ho går på Amalie Skram vidaregåande skole i Bergen, og er ei av fleire ungdommar som opplever smerter i kroppen og helseproblem.

– Det er for det meste i ryggen eg har vondt. Eg er ikkje skadd, men kjenner det likevel, seier Yonatan Solomon.

Yonatan Solomon

VONDT: Yonatan Solomon er ein av ei rekke elevar som ofte opplever smerter i kroppen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det er desse smertene forskarar ved Uni Research Helse og Universitetet i Bergen no har kartlagd. I undersøkinga Ung@Hordaland har 10.000 ungdommar på vidaregåande skular i fylket svara på spørsmål om eiga helse. Resultatet er nedslåande.

Éin av tre opplever plager som ryggsmerter, magesmerter og nakkesmerter minst ein gong i veka. At så mange i slutten av tenåra rapporterer helseplager, overraskar forskarane.

Nokre skil seg ut

Likevel ser forskarane at denne aldersgruppa lærer at det å ha litt vondt er ein del av livet.

– Blant vaksne veit vi at det er mange som har vondt og plager utan at det er noko alvorleg som ligg bak. Difor treng ikkje dette vere så alarmerande, seier postdoktor og forskar ved Universitetet i Bergen, Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther.

Studien viser òg at ungdom med foreldre med dårleg råd og låg utdanning er dei som har mest helseplager. Kvifor det er slik, gir ikkje undersøkinga eit godt svar på.

– I ein del studiar gjort blant vaksne, ser personar med dårleg råd ut til å røyke meir, trene mindre, ete mindre frukt og grønt. Men det ser ikkje ut til å forklare alt. Det kan hende at delar av helseplagene heng saman med stress, og det at ein har dårleg økonomi, seier Sæther.

Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther

OVERRASKA: Postdoktor og forskar ved Universitetet i Bergen, Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther, har undersøkt helsetilstanden til 10.000 ungdommar.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Skuleelev Mathias Reistad trur også at levestandard speler inn.

– Fysiske og psykiske smerter heng gjerne saman.

Det same meiner venninnene Katinka Berg og Hanna Grieg Sæthre.

– Dei som har meir pengar har råd til behandling og fysioterapeut. Dermed blir det gjerne ein forskjell mellom dei som har pengar og dei som har dårlegare råd.