Hopp til innhold

Unge låner mest: Sindre kjøpte med kameraten for å kome seg inn på bustadmarknaden

BERGEN (NRK): Førstegongskjøparar og unge låner mest for å kome seg inn på bustadmarknaden. For Sindre Opedal (24) blei løysinga å kjøpe saman med ein ven.

Sindre Opedal har kjøpt bustad saman med kompisen.

EIGAR: Sindre Opedal slo seg saman med ein kamerat for å få råd til å kjøpe. Lånet på 900.000 kroner meiner han er handterleg.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det passa dårleg med besøk akkurat i dag. Eg held på med å male, smiler Sindre Opedal.

Han flytta inn i leilegheita ved Danmarksplass i Bergen for kort tid sidan, og gjer mesteparten av oppussinga sjølv.

Leilegheita har lektorstudenten kjøpt saman med ein kompis. Det var einaste moglegheit for å klare kravet til eigenkapital og få lån i banken.

– Eg er jo student, så eg har jo ikkje grunninntekt som dekker krava som banken har for å levera ut lån.

Unge låner mest

Nye tal frå Finanstilsynet syner at talet på låntakarar som «maksar» bustadlånet aukar.

45 prosent av dei som har tatt opp nytt bustadlån så langt i år, lånte meir enn fire gonger brutto årsinntekt, mot 41 prosent året før.

Førstegongskjøparar og yngre lånetakarar har høgast gjeldsgrad.

Opedal og kompisen fekk den fire rom store leilegheita for 2.350.000 kroner. Han tok opp lån saman med kameraten, og har no rundt 900.000 kroner i gjeld. Det er meir enn han ville fått lånt åleine.

– Det er jo gjeld, men ikkje så mykje, meiner Opedal.

Ifølgje han sjølv er den månadlege nedbetalinga på lånet litt mindre enn det han ville betalt om han skulle leige.

– Argument for å stramme inn

For å bremse veksten i gjeld føreslo Finanstilsynet i sommar at bankane ikkje skulle kunne gi lån over 4,5 gonger bruttoinntekt – mot 5 gonger i dag.

Men finansminister Siv Jensen ynskjer ikkje å stramme inn reglane.

Harald Magnus Andreassen

UROA: Sjefsøkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.

Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen meiner det er skremmande at mange låner opp mot fem gonger inntekta.

– Det har blitt mange fleire som ligg mellom fire og fem gonger inntekta enn tidlegare. Eg synest auka i høg gjeld sett opp mot inntekta, er eit argument for at vi kunne stramma inn forskrifta.

Håper å tene på kjøpet

Deltidsjobb, lån og stipend frå Lånekassen og leigeinntekter gjer det at reknestykket til Opedal går opp.

Kompisen bur i Nord-Noreg, og dei kan difor leige ut to av soveromma i leilegheita. Dei håpar utleiga vil gje dei ei inntekt på 10 000 kroner i månaden.

– Eg var veldig heldig som kunne kjøpe saman med han. For andre er det vanskeleg.

Lektorstudenten håper at han skal få med seg ei god verdistigning på leilegheita i løpet av studietida.

– No slepp eg også å tenke på sparing av eigenkapital, for no er eg allereie inne.

Sindre Opedal (24) pusser opp leilegheita han har kjøpt med ein kamerat.

PUSSAR OPP: Over nyttår håper Sindre Opedal å få inn to leigetakarar. Før den tid skal han male heile leilegheita.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK