Hopp til innhold

Unge går rett på heroin

Stadig fleire tenåringar brukar heroin i Bergen.

Sprøyter i Nygårdsparken

Før var sprøytene for dei eldste i Nygårdsparken. No vil stadig fleire tenåringar også ha heroin.

Foto: Grim Berge / NRK

Tenåringar med heroinsprøyta i armen er blitt ei aukande gruppe i Bergen.

Det fortel dei narkomane sjølve, og Utekontakten i Bergen stadfestar fenomenet.

– Vil ha skuddet i halsen

I Nygårdsparken i Bergen vankar mange av byen sine tyngste narkomane. Men heroinsprøytene er ikkje lenger forbeholdt dei eldre brukarane.

Også tenåringar vil ha heroin.

Sist laurdag døydde ei 15 år gamal jente i Bergen av det som kan ha vore ein overdose heroin.

Lisa har vore narkoman i over 30 år og ho er skremt over det ho har sett den siste tida.

– Det er rart, vi forstår det ikkje vi heller, vi som er gamle i tralten, for det var ikkje sånn før. Dei er rett på det, utan å ha vore bortpå noko anna fyrst. Nokre har ikkje prøvd hasj, men tek heroin, fortel den narkomane kvinna.

– Og det verste er at nokre av dei kjem opp til oss i parken og vil ha dei til å setja skuddet i halsen på dei.

Les òg: Bestemor gjenopplever rustragedien i Odda

Les òg: Lærer å ruse seg på institusjon

Nygårdsparken

Nygårdsparken er samleplassen for mange narkomane i Bergen.

Foto: NRK

Utekontakten: Fryktar unge vil døy

Utekontakten fryktar for livet til fleire unge dersom trenden med å gå raskt på tunge stoff held fram. Dei har sett same utviklinga dei siste åra som dei narkomane i Nygårdsparken.

- Vi har sett at ein del av dei unge som etablere seg i rusmiljøet har hatt ein rask progresjon frå lettare til tyngre stoff, seier spesialkonsulent i Utekontakten i Bergen, Astrid Gerdts.

– Vi tykkjer det er ein svært bekymringsfull utvikling, og har stort fokus på det i vårt oppsøkande arbeid i ungdomsmiljøet, fortel Gerdts.

20 år og tung narkoman

20 år gamle Nicolai er trass sin unge alder allereie ein tung narkoman. Om få dagar skal han på heroinavrusing.

Han har sett ungdommar gå rett på dei hardaste stoffa.

– Eg veit at det er mange ungdommar som går rett på dei sterkaste opiata, utan å prøva noko mildare fyrst, fortel han.

Politiet: – Vi ser det same

– Vi ser også at det er ei utvikling og ei viss nyrekrutering i rusmiljøet, seier Jørn Solsvik, overbetjent i Hordaland politidistrikt.

– Så vi tenker nok i same baner som Utekontakten, det er absolutt vår inntrykk at det er ei auke av unge som brukar heroin i byen.

Les òg: - Tilrettelegg for sal av narkotika