Unge alkoholikarar kjem for seint til behandling

Dei fleste som får hjelp ved behandlingsinstitusjonane er godt vaksne. – Dei har falle frå utan at nokon har fanga dei opp godt nok, seier Eva Karin Løvaas ved Hjellestadklinikkene.

Ungdomsfyll

KJEM FOR SEINT: Dei fleste som får behandling ved Hjellestadklinikken og Borgestadklinikken er vaksne.

– Me skulle ønske at fleire kom til tidlegare. Då ville ein nok også hatt eit raskare og betre behandlingsresultat, seier Eva Karin Løvaas, klinikksjef ved Hjellestadklinikken i Bergen.

Eva Karin Løvaas

– KJEM FOR SEINT: Mange burde ha komme før til behandling, seier klinikksjef ved Hjellestadklinikken Eva Karin Løvaas.

Foto: Siri Løken / NRK

Ved klinikken har dei plass til å legge inn 45 rusavhengige. Men av dei som får behandling her, er det få unge alkoholavhengige. Dei fleste får hjelp som godt vaksne.

– Mange av dei som blir lagt inn har mange brotne relasjonar, dei har prøvd fleire utdanningsløp utan å lukkast, dei har falle frå utan at nokon har fanga dei opp godt nok, seier Løvaas.

Fleire unge i Anonyme Alkoholikere

Som NRK fortalde i går, tek fleire unge med alkoholproblem kontakt med Anonyme Alkoholikere. Også ved legevakta i Oslo opplever lege og forskar Odd Martin Vallernes at fleire unge vaksne kjem inn til legevakta med akutt alkoholforgifting.

– Det er urovekkande. At me ser fleire med alkoholforgifting betyr nok at mange drikker risikabelt ofte, seier Vallernes.

LES OGSÅ: Mikael drakk kvar dag gjennom heile 20-åra

Få unge til behandling for alkoholproblem

Borgestadklinikken Blå Kors i Skien behandlar alkoholavhengige frå sør-og austlandet. Også her er det få unge til behandling, fortel kommunikasjonsrådgjevar Hilde Evensen Holm.

Hilde Evensen Holm

FÅ UNGE: Også ved Borgestadklinikken er det få unge til behandling, seier Hilde Evensen Horn.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

– Me trur dette kan ha samanheng med at alkohol er eit lovleg rusmiddel, og at det mykje lettare let seg kombinere med eit tilnærma vanleg liv.

Eva Karin Løvaas ved Hjellestadklinikkene trur folk er redde for å antyde at nokon har eit alkohol problem. Mykje kunne ha blitt gjort for å fange dei opp tidlegare, seier Løvaas.

– Det ville ha vore eit mykje større fokus på førebygging, at kvar instans som er i kontakt med dei unge tek ansvar for å fange opp denne problematikken. Fastlegar, raskare uromeldingar frå pårørande, venner og omgangskrets.

LES OGSÅ: – Urovekkende mange unge drikker