Fleire unge tillitsvalde i Framstegspartiets ungdom (FpU) går hardt ut mot partileiinga i eit nytt opprop. Bak oppropet står to partitoppar i FpU i Hordaland: Martin Virkesdal Jonsterhaug og Ingeborg Bjørnevik.
Det skjer etter handteringa av fleire varslingssaker i Frp og ungdomspartiet.
– Me har fått god respons frå fylkeslag og lokallag over heile landet, seier Jonsterhaug om oppropet.
I oppropet skriv dei mellom anna:
«Vi ser med bekymring på at partiapparatet i gjentatte enkeltsaker har vist at de ikkje evner å ta seksuell trakassering på alvor, og derfor ser vi i FpU oss nødt til å ta avstand frå korleis Frp har handtert varslingssaker av seksuell karakter innanfor partiet.»
- Les heile oppropet her:
Reagerer mot mild reaksjon
Oppropet kjem som ein reaksjon etter at ein mann, med posisjonar i Frp og ungdomspartiet, får halde fram i sine verv med ei åtvaring frå organisasjonsutvalet i Frp. Dette skjer sjølv om utvalet har konkludert med at mannen har brote partiet sine etiske retningslinjer.
Mannen har mellom anna sendt meldingar til ein 14-åring med spørsmål om sex og fekk fleire jenter til å trekke seg unna politikken etter seksuell trakassering. NRK kjenner til minst fire varsel mot han.
Mannen sjølv seier til NRK at sex-førespurnadene var meint som spøk, at han ikkje kjenner seg igjen i fleire av historiene, men ikkje utelukkar upassande oppførsel.
Frp har behandla varselsaker mot til saman ni ulike partimedlemmar.
– Frp set ikkje offeret først
Leiar for organisasjonsutvalet i Frp, Helge André Njåstad, forsvarte måndag avgjerda i Politisk kvarter på NRK.
Etter det har Frp-politikar Mats Ramo i Trondheim i eit avisinnlegg kravd at Njåstad går av som utvalsleiar.
18 Fpu-politikarar og ein Frp-tillitsvalt har signert oppropet som NRK har fått tilgang på. Dei er samde i kritikken mot Njåstad;
«Det er urovekkande at organisasjonsutvalet tilsynelatande ikkje evner til å beskytte unge menneske som ønsker å engasjere seg i ungdomspartiet. Når konklusjonen som ligg føre er at de etiske retningslinjene er brutt, meiner vi at dette bør få reelle konsekvenser».
- Les meir:
Fylkesleiaren i Hordaland FpU seier til NRK:
– Me meiner at Framstegspartiet, som vanlegvis pleier å seia at me set offeret først, ikkje gjer det når det gjeld våre eigne.
– Utydeleg partileiar
Jonsterhaug krev at Siv Jensen blir tydelegare i spørsmål om seksuell trakassering.
– Eg saknar at partileiaren involverer seg i korleis #metoo har påverka norsk politikk. Eg hadde håpa å sjå ein tydelegare Siv Jensen som gav klar og tydeleg beskjed om at dette finn ho seg ikkje i, at dette skal det bli slutt på, og at ho gjekk i bresjen for å ta ansvar der.
Finansministerens politiske rådgjevar, Petter Kvinge Tvedt, seier Siv Jensen ikkje er tilgjengeleg for kommentar og viser til Njåstad.
Han ynskjer heller ikkje å kommentere oppropet når NRK tek kontakt.
– Vi har sagt nok, så har ingenting å legge til, seier han.
Ansvarsfråskriving
I Politisk kvarter viste Njåstad til at det var opp til ungdomspartiet å eventuelt ta frå mannen tillitsverva i FpU.
I oppropet kritiserer ungdomane at Njåstad «skyver ansvaret for å fatte en avgjørelse over på FpU»
– Det er ei ansvarsfråskriving. Organisasjonsutvalet skal og bør ta avgjerd i slike saker, seier Jonsterhaug.
Njåstad avviser kritikken til Bergens Tidende, som omtala saka først tysdag.
– Me har fatta ei avgjerd og gitt ei åtvaring, men fann ikkje grunn til å straffa eller ekskludera han. Det FpU skal behandla, er om vedkommande har rett til å ha tillitsverv. Det handlar ikkje om at me skyver ansvaret over på dei.
Han er kritisk til oppropet frå Hordaland FpU.
– Eg meiner dette er ein debatt som må takast internt.
«Det har for lenge vært en kultur for at så lenge man er ansett for å være et såkalt politisk talent så er det fritt frem til å bryte retningslinjer uten reelle konsekvenser. Det må det nå bli en slutt på», skriv FpU-arane vidare i oppropet.