Hopp til innhold

Ungdommar utløyste væpna politiaksjon

Ein bilist såg ein person sikte på ein anna med det han trudde var ei rifle og kontakta straks politiet.

Knappetunnelen

Ein bilist såg ein person sikte med eit våpen mot ein anna person på ei gangbru ved Knappetunnelen i Bergen sør. Rifla viste seg å vera eit paintball-våpen.

Foto: Statens Vegvesen

Den alvorlege meldinga kom inn til politiet i Bergen klokka 16.45 i ettermiddag. Ein sjåfør på veg inn i Knappetunnelen sør i Bergen vart merksam på to ungdommar på ei gangbru over vegen.

– Bilisten ser den eine sikte på den andre med ei rifle, med kikkertsikte. Dei oppfattar dette som ein alvorleg situasjon og tar kontakt med oss, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.

Viste seg å vera paintballvåpen

Politiet sette straks i gong ein større væpna aksjon i området, men når dei var komne til staden var dei to personane på gangbrua søkk vekke.

Etter å ha snakka med fleire vitne i området fann dei til slutt fram til to ungdommar på 14 og 15 år.

– Det viste seg at dei hadde leika med eit paintballvåpen.

– Men det er vanskeleg for å andre å oppfatte forskjellen på eit leikevåpen og eit ekte våpen, så vi ser på dette som svært alvorleg, seier Magnussen og legg til at det var godt politiarbeid som gjorde at dei fann fram til dei to.

Klar beskjed

Dei to ungdommane har mildt sagt fått ein kraftig reprimande frå politiet.

– Vi har strukke dei godt opp og dei erkjente at dei hadde vore i området og oppført seg slik meldaren sa ifrå om. Om vi opprettar sak er enno ikkje avklart.