Ungdommane vonar å bli der så lenge som mogleg, og ynskjer å laga ein møteplass for unge.
Ein av husokkupantane er Guro Ljone.
- Bustadpolitikken sim vert praktisert i dag fører til at mange slit på ein rå bustadmarknad. Det er mange tusen som er utan heim, og mange har ikkje høve til å betala dei skyhøge husleigene, fortel ho.
Eigaren av bustaden i Jonsvollkvartalet har ingen kommentar til saka.
Fleire stader i landet vert det arrangert aksjonsdag mot bustadnaud.