Hopp til innhold

Ungdom flykter frå husflidsfag

Få elevar vil drive med formgjeving. På Voss er det ingen nye elevar i år.

Husflidsskulen på Voss

Det er tomme formgjevingsklasserom på Husflidsskulen på Voss.

Foto: Ann Kristin Rykke/NRK

I over 60 år har husflid og formgjeving vore på timeplanen på den tradisjonrike Husflidskulen på Voss.

Ingeleiv Midtun frå Lofthus frå Eidfjord har akkurat starta i 2. klasse på formgjevingslinja.

– Eg vurderer å verte arkitekt. Og då er det greit å kunne teikne, seier ho.

LES ÒG: No er framtida avgjort

Få som vil

Men i år var det få som tok samme valget som ho. Mangelfull interesse førte til at Husfliden måtte leggje ned det opphavelege faget sitt.

Det tykkjer rektor Venke Barrikmo er trist.

– Det har vore bærebjelka i så mange år. Så det er ei kjensle av nederlag, seier ho.

Ho trur mange vel det vekk utan heilt å veta kva dei gjer.

– Eg har ein idé om at femten og sekstenåringar gjerne vil velje ting som er kule. Og etter kunnskapsløftet, vart formgjeving delt i design og handtverk og studiespesialiserande formgjeving. Eg trur nok at mange av søkjarane veljer design og handtverk utan heilt å kjenne innhaldet i det, seier ho.

LES ÒG: Naturfag taper i skolen

Er slik over heile landet

Òg formgjevingslina på Garnes vidaregåande i Arna måtte gje tapt i år. Og situasjonen er ikkje unik for Hordaland. Interessa rundt dei tradisjonelle husflidfaga har rast i heile landet, seier inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune, Nils Skavhellen.

– Trenden i resten av landet er faktisk den samme. Det er mange som arbeider for å få opp igjen den gode, gamle teikning, form og farge-modellen, fordi dei meiner den modellen me har no med studiespesialisering formgjeving vert for teoretisk for ein del av ungdommane, seier han.

Han er einig med rektoren i at formgjevingsfaga vert sett på som lite kule.

Media mest populært

Og det er draumen om å jobbe i media som stel flest elevar. Mest populært på husflidsskulane er linja medie- og kommunikasjon. Design av verds-veven er meir populært enn den tradisjonelle veven.