9 av 10 elevar spiste for lite fisk og grønt

Forskarar er overraska over kor lite fisk og grønsaker ungdom får i seg. Ei fersk undersøking viser at kvar fjerde 9.-klassing et fisk sjeldnare enn ein gong i månaden.

Ruth Teshome og Ida Haakonsen Lid

SKULEKJØKKEN: Ruth Teshome og Ida Haakonsen Lid trivst på skulekjøkenet på Ortun skule. Dei trur at mange jamaldrande ikkje tenker over kor mykje fisk og grønt dei får i seg.

Foto: Siri Løken / NRK
Siri Løken, NRK Hordaland
Journalist
Ingvild Nave
Journalist

Heile 90 prosent av 9.-klassingane et langt mindre frukt og grønt enn det helsemyndigheitene rår dei til.

Det viser ei fersk undersøking ved skular i Bergen, utført av Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, NIFES. Dei har spurt nærare 500 niandeklassingar i Bergen om deira kosthaldsvanar.

Forskarane meiner resultatet er nedslåande.

– Dette gjer meg uroleg. Det er veldig viktig å ha gode vanar allereie i niande klasse. Det finst ein del forsking som viser at vanar ein legg til seg som ungdom og er gjeldande langt inn i vaksenlivet, seier Handeland.

Forsker Katina Handeland

NEDSLÅANDE: Doktorgradsstipendiat Katina Handeland meiner forskingsresultat er langt frå lystig lesing.

Foto: Siri Løken / NRK

1 av 4 et fisk mindre enn ein gong i månaden

Det er spesielt når det gjeld frukt og grønt at 9.-klassingane ligg bakpå.

– Det som utmerka seg i resultata var spesielt rådet om å ete fem frukt og grønsaker om dagen. 90 prosent av ungdommane i forskingsprosjektet følgjer ikkje dette rådet, seier doktorgradsstipendiat i NIFES, Katina Handeland.

Men også når det gjeld fisk er niandeklassingane langt frå myndigheitene sitt mål. Heile ein av fire et fisk sjeldnare enn ein gong i månaden, ifølgje undersøkinga.

– Det gjer meg uroleg fordi fisk og sjømat inneheld nokre vitamin og feittsyrer som ein ikkje får i seg frå så mange andre matvarer. Det er næringsstoff som kroppen treng, kanskje spesielt når den er i vekst, seier Handeland.

Lærer Hilde Eliassen, Ortun skole

SUNT: Lærar Hilde Eliassen forsøker å lære ungdommane kva som er sunt i heimkunnskapstimane.

Foto: Siri Løken / NRK

Likar fiskepinnar

– Fiskepinnar med båtpoteter og salat er veldig populært, fortel lærar Hilde Eliassen.

Ho er opptatt av å lære elevane kva som er sunt. For tiandeklassing Ida Sekkingstad er både fisk og grønsaker noko ho ofte blir servert heime.

– Eg er veldig glad i frukt også, så det et kvar ganske mykje av kvar dag. Vi er ofte ute og fiskar, så då har vi mykje fisk i frysen som vi må ete, fortel ho.

Siste video

Meisterfinale på Brann stadion, ekstremistar på bygdene og eldre som må flyttast ut av kommunen for å få sjukeheimsplass. Dette er nokre stikkord for dagens sending. Programleiar Jan Børge Leirvik
Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.