NRK Meny

Ung mann slegen med jernstong

Berusa ungdom hamna i slagsmål på Ågotnes litt over klokka 03 i natt. Éin person vart slegen med ei jernstong.

– Éin person har slege ein annan i kneet med ei jernstong. Nokre av ungdomane var redde og søkte tilflukt i skogen, melder operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet.

Ingen personar er tekne inn, men politiet opprettar sak. Ungdomane er alle fødde seint på 1990-talet.

Siste video

SE VIDEO: Hunden Viggo trener ved Fjellanger hundeskole på Lysekloster i Os. Han skal lære å snuse på pusteprøver fra pasienter og kjenne igjen lukten av kreft.
Døpes i Tromsø