Hopp til innhold

Kvinne (19) knivrana på open gate i Bergen

BERGEN SENTRUM (NRK): Etter eitt ran og to ransforsøk har politiet arrestert knivmann i Bergen. Vitne førte politiet til 20-åringen.

Minibank knivran Bergen sentrum

STAL PENGAR: Ved denne minibanken ved McDonald's like ved Bryggen i Bergen vart ei 19 år gamal kvinne rana med kniv og fråteken pengar onsdag morgon.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Meldinga om det første ranet kom inn til politiet i Bergen klokka 08.30 onsdag morgon.

Knivranet skjedde i ein minibank i Bryggesporen i Bergen sentrum. Ei 19 år gamal kvinne tok ut pengar og vart så truga av ein mann med kniv.

– Gjerningspersonen sprang frå staden, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i politiet.

Kvinna vart truga til å gi frå seg pengane. Rebnord vil ikkje fortelje kor mykje ransmannen fekk med seg i kontantar.

knivran i bergen

Politijakt

Få minutt seinare fekk politiet melding om nok eit ransforsøk med kniv, denne gongen på Nedre Korskirkealmenningen.

Ei 42 år gamal kvinne nekta å gi frå seg pengar, og gjerningspersonen la igjen på sprang.

– Vi har grunn til å tru at det er snakk om same gjerningsperson. Dei to kvinnene har gitt lik forklaring om mannen, seier Rebnord.

Vitne følgde etter

Klokka 12.40 opplyser politiet at dei etter fleire timars leiting har arrestert ein mann på ei adresse i Fyllingsdalen.

Pågripinga skjedde etter nok eit ransforsøk, denne gongen på Bunnpris-butikken på Smiberget.

Her vart betjeninga på butikken truga med kniv før gjerningspersonen gjekk frå staden.

– Han prøvde å få betjeninga til å gi han tobakk. Vitne som såg hendinga følgde etter mannen og det gjorde at vi kunne arresterte mannen på ei adresse i nærleiken. Det meste tyder på at dette er same person som har stått bak knivranet og ransforsøket i sentrum, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til NRK.

Til avhøyr

Rebnord seier pågripinga gjekk roleg føre seg. Mannen som er arrestert er 20 år gamal.

– Det er heldigvis sjeldan at dette skjer, og eg er glad for at vi sannsynlegvis har tatt riktig gjerningsperson, seier Rebnord.

Det er måten rana og ransforsøka er gjennomførte på og vitneskildringar som gjer at politiet no føler seg trygge på at 20-åringen var involvert i alle tre hendingane.

Han er frakta til politihuset for avhøyr.