Hopp til innhold

Etterlyser to vitner etter overgrep mot skulejente

Politiet etterlyser ein mann med to hundar etter at ei ung jente skal ha blitt utsett for seksuelt overgrep i Hjortlandsvegen i Bergen. – Jenta skal også ha gått forbi to kvinner i raude jakker like før hendinga, seier politiadvokat Trond Eide.

Trond Eide

HENTAR INN ELEKTRONISKE SPOR: – Me har henta inn opplysningar, og kjem til å hente inn elektroniske spor som kan seie oss noko om kven gjerningsmannen er, seier politiadvokat Trond Eide.

Foto: Runa Victoria Engen

Einar Skintveit

HAR FØLGT ELEVAR HEIM: – Me har oppfordra alle elevar til å gå med venner heim frå skulen. Dei me veit ikkje har hatt nokon å gå med har me følgt heim, seier rektor ved Flaktveit skole, Einar Skintveit.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Politiet ber i dag om tips i samband med eit seksuelt overgrep mot ei jente i barneskulealder.

– Ei lita jente blei tysdag utsett for eit seksuelt overgrep. Like før hendinga gjekk jenta forbi to kvinner i raude jakker. Dei er me spesielt interessert i å komme i kontakt med så raskt som mogleg, seier politiadvokat Trond Eide.

Hendinga fann stad nær Hjortlandsvegen i Åsane i Bergen tysdag denne veka, i tidsrommet 15.30–17.30. Jenta var på veg frå Breimyra skole då ho blei overfallen.

– Hendinga fann stad nær Hjortlandsstemma, som er eit lite vatn i området, og dette skjedde på ein grusveg nær Hjortlandsvegen, seier Eide.

– Medan ho var på veg heim vart ho utsett for ein person som gjorde eit seksuelt overgrep mot ho. Ho gjekk deretter heim og fortalde om dette til mor si, og mora varsla politiet, seier Eide.

Skal ikkje ha blitt brukt fysisk makt

Eide opplyser til NRK at jenta skal ha blitt antasta av gjerningsmannen. Ovanfor Bergens Tidende utdjupar han uthalinga.

Han konstaterer at det ikkje skal ha skjedd ei valdtekt. Det skal likevel dreie seg om eit alvorleg overgrep som har ein strafferamme frå tre års fengsel og oppover.

– Det blir eit teknisk spørsmål om det er den eine eller andre føresegna som skal brukast på forholdet slik vi har fått det skildra til no. Det kan vere snakk om seksuell omgang eller ei seksuell handling. No må me vente på avhøyret av jenta til veka. Foreløpig er det ingen indikasjonar på at det er brukt fysisk makt mot jenta. Slik saka er opplyst, dreier dette seg ikkje om ei valdtekt, seier Eide.

Hentar elektroniske spor

Gjerningsmannen vert skildra som ein vaksen mann med nordisk utsjånad. Han hadde med seg to hundar.

– Så langt har me ikkje avgjerande spor i saka. Me har henta inn opplysningar, og kjem til å hente inn elektroniske spor som kan seie oss nokon om kven gjerningsmannen er, seier Eide.

Jenta har vore til medisinsk undersøking på barneklinikken på Haukeland, og skal inn for å gje forklaring til dommar.

Flaktveit skole i Åsane

BER OM TIPS: Ei skulejente blei tysdag utsett for eit overgrep i Hjortlandsvegen i Åsane. Gjerningsmannen vert skildra som ein vaksen mann med nordisk utsjånad. Han hadde med seg to hundar. Personar som har tips kan ta kontakt med Bergen Nord politistasjon.

Foto: Jørgen Eide / NRK

«Nokon har gjort noko slemt med ein av våre elevar»

Jenta er elev ved Flaktveit skole i Åsane.

– Eg kan stadfeste at jenta er elev ved vår skule, seier rektor Einar Skintveit.

Skulen har laga infoskriv til alle foresatte med informasjon om hendinga. Alle elevane har no gått heim.

Ifølgje BA.no står dette i brevet til foreldra og elevane:

«Ein mann har gjort noko slemt med ein av våre elevar på skolevegen. Politiet jobbar med saka, men har ikkje funnet ham ennå. Det jobbens hele tida med saka, men inntil vidare må vi passe på kvarandre og ikkje gå aleine til og frå skolen. Alle bør i dag gå rett heim. Vi vaksne skal også passe ekstra på ute på viktige stader».

Har bedt elevane gå heim i lag

Hjortlandsvegen

HJORTLANDSVEGEN: Skulejenta blei overfallen av ein mann med nordisk utsjånad og to hundar i Hjortlandsvegen i Åsane, tysdag.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Me har oppfordra alle elevar til å gå med venner heim frå skulen. Dei me veit ikkje har hatt nokon å gå med har me følgt heim, seier rektor Einar Skintveit.

SFO vil kontakte foresatte til barn som vanlegvis går heim åleine, for å avtale korleis dei skal gjere det når barna skal gå heim i dag.

– Barna skal bli godt varetatt i dag. Me har og hatt tett dialog med foreldra til jenta sidan me fekk vite kva som hadde skjedd.

Ber vitne om å melde seg

Jenta var kledd i rosa bukse, ein stripete genser, rosa joggesko og ein blomstrete skulesekk.

Politiet er interessert i alle som kan ha sett jenta eller gjerningsmannen, og ber vitne frå området Breimyra til Hjortlandsdalen i tidsrommet kl. 1530–1740 tysdag 19.8.14 om å melde seg.

– Gjerningsmannen er beskrive som ein vaksen mann som var i området med to hundar i band, seier Eide.

Tips kan rettast til Bergen Nord politistasjon på telefon 55255500 i kontortida (09-1530). Utanom kontortid tlf. 02800.

Seksuelt overgrep i Åsane