Hopp til innhold

Underslagsikta TV 2-tilsett eig firma i økonomisk trøbbel

Den TV 2-tilsette som er sikta for grovt underslag, eig eit selskap som har hatt store økonomiske problem. Han erkjenner at TV 2 betalte for teknisk utstyr som han har tatt ut til privat bruk.

Firmaet til underslagsikta TV2-tilsett

EIGE FIRMA: Den sikta TV-tilsette er medeigar i eit selskap som driv utleige av audiovisuelt utstyr og som har slite økonomisk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det stadfestar forsvarar Erik Ulvesæter i advokatfirmaet Elden til Dagens Næringsliv torsdag ettermiddag.

– Men det står att å avklara om dette utgjer underslag, seier han.

Til NRK seier Ulvesæter at det ikkje er usemje om kva som har skjedd.

– Han har bidratt til å opplysa saka og erkjenner allereie no dei faktiske forholda.

Mistankar TV2 fekk før helga gjorde at selskapet onsdag melde den tilsette til politiet. Han vart same dag pågripen og sikta for grovt underslag av rundt 15 millionar kroner.

Dette skal vera ein høgt verdsett medarbeidar som har hatt stor tillit i TV2.

TV 2 meiner mannen i stort omfang har bestilt teknisk utstyr til privat bruk, medan det var betalt av kanalen. Dette skal særleg ha skjedd i 2017 og 2018, men også i 2015 og 2016.

Erik Ulvesæter, advokatfirmaet Elden

ERKJENNER: Forsvarar Erik Ulvesæter seier det ikkje er usemje om kva den TV2-tilsette har gjort, men ikkje avklara om dette utgjer underslag.

Foto: Moment Studio

Eig firma som slit

NRK veit at mannen har eigarinteresser og har jobba i selskap der slikt utstyr er relevant. Han er mellom anna medeigar i eit selskap som driv utleige av audiovisuelt utstyr.

Dette selskapet har dei siste åra slite økonomisk. Årsrekneskapen for 2015 viser at omsetnaden svikta 41 prosent og at dei fekk ekstraordinære kostnadar. Dette gav eit underskot på 800.000 kroner, og eigenkapitalen i selskapet enda på minus 900.000 kroner.

Revisoren konkluderte at det låg føre vesentleg usikkerheit om selskapet hadde evne til å halda fram drifta.

Selskapet kutta då mellom anna talet på årsverk frå 3,5 til 1. Året etter hadde dei 300.000 kroner i overskot, men eigenkapitalen var framleis tapt.

Aksjonerte mot firma

Verken Ulvesæter eller politiet vil kommentera i kva grad selskapa er sentrale i etterforskinga, eller om dei koplar underslagssiktinga til økonomien i selskapa.

Men like etter at politiet arresterte mannen onsdag ransaka dei på fleire adresser i Bergen som er knytt til mannen.

Både onsdag og torsdag aksjonerte politiet mot lageret til firmaet hans, skriv BT.

Der vart mellom anna storskjermar og mange kassar med teknisk utstyr registrert og frakta bort.

– Dette er dyre gjenstandar som kvar kan kosta 1–2 millionar kroner. Mykje utstyr av ulike slag er lokalisert og identifisert. Derfor var det svært viktig for oss å agera raskt, seier politiadvokat Anders Hoff til DN.

TV2-logo i Media City Bergen

15 MILLIONAR: Ein sentral medarbeidar i TV2 er sikta for å ha underslått millionverdiar i teknisk utstyr frå tv-kanalen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kanskje andre involvert

Med det store omfanget av gjenstandar knytt til underslaget kan han ikkje utelukka at andre har vore involvert.

TV2-mannen er suspendert frå stillinga si. Politiet skal i løpet av torsdag avgjera om dei vil krevja han varetektsfengsla fredag.

– Eg blir overraska om han blir fengsla, seier forsvarar Erik Ulvesæter.