«Lokal matkultur» er den første yrkesutdanninga i lokalmat i heile Norden.
– Dette er stort for Hjeltnes og Ulvik, men også for matfylket Hordaland som er store på lokal mat, seier Andrid Solaas Innset, fagleg ansvarleg på Hjeltnes for fagskulane i Hordaland.
– På tide
Innset meiner det er på tide at eit slikt studie startar opp i Noreg.
– Vi har både behov og etterspurnad, og det er viktig for kokkar og andre som driv innan yrket å få meir kunnskap og byggje på utdanninga.
I første omgang vert utdanningsløpet gjennomført som nettstudie over tre år.
– Gjennom studiet skal dei få lære om produksjon og prosessar knytt til råvarer og korleis dette påverkar kvalitet og smak på produkta, fortel Innset.
Og på Hjeltnes skal elevane gjennom heile spekteret av mat og drikke, både kjøt, fisk, ost, frukt og grønt.
- Les også:
Skal møtast på den gamle gartnarskulen
Sjølv om studiet er nettbasert, skal elevane møte på seks vekesamlingar kvart studieår.
Samlingane skal gå føre seg på den gamle gartnarskulen på Hjeltnes der det snart kjem eit nytt produksjonskjøkken som elevane skal få boltre seg på.
Det er det fleire som synest er positivt.
– Dette er heilt fantastisk. Det er utruleg viktig at folk lærer korleis ein lagar mat og utnyttar råvarene, seier Gro Uglenes, eigar av Syse gard, som driv med gardsutsal.
– Viktig med kunnskap om mat
Uglenes veit godt kor viktig det er med lokale råvarer av god kvalitet. Saman med mannen driv ho med frukt- og kjøtproduksjon.
Ho håpar det nye studiet kan vere med på å sikre tradisjonar.
– Det er utruleg viktig at folk lærer korleis ein lagar mat og korleis ein skal utnytte råvarene. Kunnskapen forsvinn viss ikkje nokon heldt fram med det, seier ho.
- Les også:
Også ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, synest det er stor stas med den nye utdanninga.
– Dette er gledeleg for heile regionen. Både fordi vi får auka aktivitet, men også på grunn av det nye tilbodet som ikkje finst nokon annan stad i Norden, seier han.