Hopp til innhold

Syklist kolliderte med Bybanen

Ein mann vart lettare skadd då han vart påkøyrd av bybanen på Nesttun.

Syklist bybanen kollisjon

LETTARE SKADD: Mannen på sykkelen fekk lettare skader i kollisjonen med Bybanen på Nesttun.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

NRK får bekrefta hendinga av operasjonsleiar hjå politiet. Dei fekk melding om ulukka klokka 13.07.

– Meldinga kom frå AMK. Då vi kom fram til staden viste det seg at bybanen har vore i kontakt med ein syklist som sto på haldeplassen på Nesttun. Han er bevisst og ambulansepersonell vil sjå til han, seier operasjonsleiar Preben Wallestad.

Mannen er i 50-åra og skal ikkje vera alvorleg skadd.

Bybanen går som normalt

Det vart også minimalt med skader på bybanevogna.

- Syklisten traff vogna på sida. Vi måtte stoppe nokre minutt, så det er mindre forsinkelsar no, seier Kjetil Larsen hjå Keolis, som driftar Bybanen.