Hopp til innhold

Brann stogga Bergensbanen

Bergensbanen mellom Hallingskeid og Myrdal var stengt grunna brann i nærleiken av eit snøoverbygg.

Togstopp Myrdal

STOGG: Morgontoget frå Bergen til Oslo måtte stogga på Myrdal stasjon på grunn av brannen.

Foto: Ingrid Olderbakk / NRK

SISTE: Jernbaneverket sitt personell har sjølv klart å sløkke brannen i terrenget ved snøoverbygget i Tjuvadalen. Morgontoget har fått køyra vidare frå Myrdal stasjon og er kring 50 minutt forseinka.

Det er Jernbaneverket som melder om ulmebrannen på Twitter. Brannen skal ha starta i nærleiken av snøoverbygget mellom Myrdal og Hallingskeid.

Ingen tog får passera. Morgontoget frå Bergen til Oslo er førebels stogga på Myrdal stasjon. Brannmannskap frå Voss er på veg til staden.

– Det brenn i terrenget, kring sju-åtte meter frå eit snøoverbygg. Forhåpentlegvis har Jernbaneverket sjølv fått slått ned ulmebrannen, seier vaktkommandør Arne Korneliussen ved 110-sentralen Hordaland.

Sender brannmannskap frå Voss

Frå Myrdal stasjon er det sendt av garde ei tankvogn med vatn.

– I tillegg klargjer vi ei vogn med ein brannbil frå brannvesenet på Voss. Den sender vi i veg straks, forklarar Korneliussen.

Pressesjef Harry Korslund i Jernbaneverket fortel at brannen har starta i terrenget ved eit snøoverbygg i Tjuvadalen.

– Det er såpass tett innpå at vi ikkje tek nokon sjansar og har kopla ut køyrestraumen. Folk der oppe har prøvd å sløkke men vi har bedt om bistand frå brannvesenet, fortel Korslund til NRK.

– Har kontroll

Klokka 10.42 melder Jernbaneverket at dei har fått kontroll på ulmebrannen.

– Vi har klart å sløkkje og har gitt beskjed til 110-sentralen at vi ikkje treng bistand frå dei lengre. No har vi mannskap på staden som passar på at det ikkje blussar opp igjen, fortel Korslund i Jernbaneverket.

Han reknar med at togtrafikken om kort tid kan passera mellom Myrdal og Hallingskeid igjen.

Bergensbanen opna

Klokka 11.20 melder Jernbaneverket at Bergensbanen no er opna igjen. Det vil vera mannskap på staden i Tjuvadalen for å passa på at brannen ikkje blussar opp att i terrenget ved snøoverbygget.

Laster Twitter-innhold
bergensbanen