Hopp til innhold

«Det er ingen vinnarar eller taparar her. Til det er saka for vond.»

Monika-varslar Per Terje Engedal er opptatt av at alt ikkje er mørkt i Hordaland politidistrikt.

varslere 2

HÅPFULL: Per Terje Engedal er ein av Monika-varslarane, men har hittil hatt ein lav profil i media. I dag vil han fortelje ikkje berre om det vanskelege året han har bak seg, men om håpet for framtida i politiet.

Foto: Runa Victoria Engen

– Det har vore eit forferdeleg vondt år, men no får eg oppreisning. Det er ingen vinnarar og taparar her, til det er saka for tung. Men eg føler i alle fall at eg ikkje er ein tulling lenger.

Per Terje Engedal er ein av varslarane i Monika-saka, men har halde ein låg profil. Han har ikkje ville snakke høgt om kvifor han fleire gonger varsla om alvorlege problem med leiarkulturen i Hordaland politidistrikt.

Monika-saka var dropen som fekk det til å renne over. HMS-rådgjevaren gjekk til Arbeidstilsynet med saka. Seinare fekk han status som varslar.

– Vi har gode retningslinjer og rutinar, men følger dei ikkje. Eg har varsla om at vi ikkje gjer som vi skal. Det har vore ein knalltøff periode etterpå, fortel Engedal.

Det var fyrst då eg kunne rette opp att ryggen og gå på jobb igjen. Eg visste at eg ikkje var gal.

Per Terje Engedal

Han fekk støtte frå kollegaer og andre leiarar, men tvilen melde seg. I to månader var han sjukemeld.

– Men vi har mykje godt i politiet og! Alt er ikkje berre mørkt, sjølv om vi har store utfordringar vi må gripe tak i. Dei kan vi ikkje la vere å jobbe med, seier Engedal.

Varslere 5

RAPPORT: Alle som har blitt intervjua av granskninga har fått lese dei andre 'vitnene' sine intervju. - Den åpenheita set eg så utruleg pris på, seier Engedal.

Foto: Runa Victoria Engen

– Ein god dag

Onsdag fekk varslarane i Monika-saka innsyn i rapporten frå Wiersholm, ein dag før den skulle offentleggjerast. Etter eit halvt år med intervjuar og gransking av varslarsakene, var dei spent. Og glad då rapporten gav dei rett i det meste dei hadde varsla om.

– Vi er veldig nøgd, veldig nøgd, seier Toril Wik, advokaten som representerer alle fire varslarar i Monika-saka.

Då varslarane hadde fått vete konklusjonen i rapporten gjekk dei med eit smil om munnen, ifølge Nils Sortland, som er ein del av advokatteamet.

Robin Schaefer

HOVUDPERSON: Sjølv om fire personar varsla i Monika-saka, har rapporten berre behandla saka til Robin Schaefer.

Foto: Helge Skodvin / Vigmostad og Bjørke forlag

– Vi gjekk frå staden og sa til kvarandre at «i dag har vore ein god dag», seier Sortland.

Torsdag stod både justisministeren, politidirektøren og konstituert politimeister i Hordaland på talarstolen. Alle sa dei tok inn over seg at distriktet har problem, og alle takka Robin Schaefer for at han varsla.

Schaefer sjølv ønsker ikkje å uttale seg til pressa, men gjev ein kort kommentar til NRK.

– Eg ser på rapporten som god og grundig. Det er svært bra og viktig at dei legg vekt på ein openheitskultur i politiet. Det viktigaste er at vi tar læring frå dette sånn at det ikkje får skje igjen, seier Schaefer.

Unnlatelsessynden

Advokaten meiner rapporten bør bli pensum for dei som skal studere og jobbe med varsling.

– Det Fougner og granskinga har gjort her er nybrotsarbeid. Eg trur det vil få ringverknader og ein rekkevidde langt utover denne saka, seier Wik.

Ho fortel at mange varslarar tapar i rettsalen, fordi dei ikkje greier å dokumentere at dei har vore utsatt for ulovleg straff og gjengjelding frå arbeidsgjevar.

– Det er fordi gjengjelding kan være usynleg. Det kan være mange små handlingar som kvar for seg ikkje er så mykje, men satt i system så er det tydeleg gjengjelding, seier Wik.

Ho gjev dømer som å bli utstøytt og utfryst, ikkje få vete om kva som skjer i saka di, og at sjefen aktivt unngår å ta kontakt med deg. Wik kallar det subtil gjengjelding.

– Robin Schaefer har opplevd ekstremt mykje subtil gjengjelding. Det stadfestar rapporten, og det er heilt tydeleg ulovleg gjengjelding, seier Wik.

varslere 1

TEAMET: - Vi er veldig nøgde. Veldig, veldig, nøgde, seier advokat Toril Wik. Ho har jobba for varslarane saman med organisasjonspsykolog Nils Sortland.

Foto: Runa Victoria Engen

Politimester: – Eg har ikkje gjort noko ulovleg

Rapporten konkluderer med at politiet i Hordaland braut lova ved å straffe Robin Schaefer med sanksjonar.

Geir Gudmundsen

TIL POD: Politimester Geir Gudmundsen kjem ikkje attende til Hordaland politidistrikt seier politidirektøren. Gudmundsen har ikkje trekt seg frå stillinga sjølv.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Politimester Geir Gudmundsen avviser alle påstandar om ulovleg handsaming av varslarane. Politidirektøren har bedt Spesialeininga for politisaker å vurdere om dei vil etterforske om politileiinga braut lova.

Advokat John Christian Elden representerer Gudmundsen og seier at Gudmundsen ikkje kjenner seg igjen i kritikken i Wiersholm sin rapport.

– Han meiner at arbeidsmiljølova er overholdt. Det er eit definisjonsspørsmål, eit skjønnsspørsmål, om kva som er ein varslarsak, seier Elden.

Støtten rundt Schaefer

I rapporten skildrar granskingsgruppa korleis Engedal forsøkte å støtte opp om Robin Schaefer, i ein periode der Schaefer hadde det svært vanskeleg.

Monika Sviglinskaja

DRÅPEN: Alt starta med det dramatiske dødsfallet til Monika Sviglinskaja (8) og den påfølgande etterforskninga. At leiinga ikkje ville gjenoppta etterforskninga var det som fekk dråpen til å renne over for fleire av varslarane.

Foto: Privat

«Den omstende at HMS-rådgivaren (Per Terje Engedal) på eige initiativ tok kontakt med Schaefer for ein samtale og for å spørje korleis han hadde det, illustrerer at det ikkje kunne vere vanskeleg å sjå at Schaefer var kommen i ein krevjande situasjon. HMS-rådgivarens initiativ er et eksempel på korleis ein leder og kollega bør opptre.

At HMS-rådgivaren ikkje løyste Schaefers problem, skuldast at han ikkje var i ein posisjon til å rydde av vegen den grunnleggjande frykta Schaefer hadde for å bli marginalisert og miste sitt arbeide.» skriv Jan Fougner, leiar for granskinga.

– Mi rolle er å ta vare på dei tilsette, frå topp til brunn, seier Engedal kort.

Difor vil han ikkje gå inn i kva konsekvensar han meiner saka bør få for enkeltpersonar.

– Det er berre ikkje rett av meg å gjere.

Arbeidstilsynet gav han støtte

Etter at Engedal klaga politidistriktet inn til Arbeidstilsynet, kom dei på tilsyn. Dei gav HMS-rådgjevaren medhald i kritikken hans og gav politidistriktet fleire pålegg.

Desse skal politidistriktet no møte og dokumentere ovenfor Arbeidstilsynet. Etter å ha følt at han møtte motstand, vart Engedal høyrd og trudd.

– Eg hadde vore sjukemeld i to månader, men den dagen kunne eg rette opp ryggen og gå tilbake på jobb. Eg hadde fått stadfesta at eg ikkje er gal, seier Engedal.

Varslere 4

HÅPFULL: Per Terje Engedal er ein av Monika-varslarane, men har hittil hatt lav profil i media. I dag vil han fortelje ikkje berre om det vanskelege året han har bak seg, men om håpet for framtida i politiet.

Foto: Runa Victoria Engen

– Vi har eit godt politi

Engedal er oppteken av å få fram at politiet er ein god arbeidsplass med mange dyktige folk. Presseoppslaga har gjort at politiet berre blir assosiert med noko negativt, seier HMS-rådgjevaren.

Det eg fryktar mest er at når måndagen kjem og kameraa er sløkte, då dreg me gardinene att og held me fram i same sporet.

Per Terje Engedal

– Oppi dette er det frykteleg mange gode tilsette og gode leiarar som gjer ein fantastisk jobb kvar dag. Vi har eit godt politi, det er det inga tvil om, seier Engedal.

Utfordringane er likevel store og har blitt tydelegare for han.

– Mi største frykt er at når måndagen kjem, og alle kamera er skrudd av, så sett vi oss på kontoret og stenger gardinene. Og så held vi fram i same sporet som før. Det må ikkje få skje.