Ukjent brannårsak på Søvikneset

Politiet veit framleis ikkje kvifor det starta å brenne på Søvikneset i Os på tysdag. Etterforskinga held fram, og politiet har tatt beslag i båten som brann. Dei har ikkje undersøkt naustet som brann ned enda.