NRK Meny
Normal

UiB shoppar toppforskarar for 137 millionar

Universitetet i Bergen satsar stort i jakta på verdsleiande forskningsmiljøer i Norge. 137 millionar kroner er sett av for å henta fire internasjonale toppforskarar til universitetet.

Universitetet i Bergen

INTERNASJONALT MILJØ: Universitetet i Bergen ønsker å få dei beste hovuda til deira forskingsmiljø. Difor ser dei no også til utlandet for å rekruttera forskarar.

Foto: Thor Brødreskift

Nele Meckler

HENTA INN: Nele Meckler frå Tyskland er ein av forskarane Universitetet i Bergen har henta til byen.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Ei rekke av våre fagmiljø har potensial til å bli verdsleiande. Me har utfordra dei til å identifisera nokon av einarane på sine felt, seier rektor Dag Rune Olsen.

Ein av desse einarane er den tyske geologen Nele Meckler. Ho er i gang med sitt arbeid med å gjenskapa fortidsklima ved hjelp av havet.

– Dette er ein unik sjanse Bergen no har fått til å tilby forskarar ei moglegheit til å komma til universitetet, seier Meckler.

Ho skal prøva å finna ut korleis temperaturen i havet har forandra seg i løpet av åra.

Rektor ved Universitetet i Bergen Dag Rune Olsen er svært fornøgd med å ha rekruttert Meckler.

– Ho vil bli ei fantastisk forsterking av vårt allereie utmerka forskingsmiljø på området.

Internasjonal profil

Dag Rune Olsen

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen.

Foto: UIB

Olsen vil henta endå meir internasjonal tankekraft til Bergen.

– Me er avhengige av dei aller beste hovuda. Ein del av dei kan me definitivt utdanna sjølv. Men Noreg er eit relativt lite land, så me treng å rekruttera breitt og internasjonalt. Kvalitet i forskinga er viktig.

Universitetet og Bergens forskningsstiftelse legg 68,5 millionar kroner kvar i potten, som skal fordelast over fem år

Å sjå til utlandet har ikkje vore vanleg tidlegare.

– Det har ikkje vore vanleg å henta inn internasjonale forskarar på denne måten tidlegare. Men å kunna få folk til Noreg gjennom desse midla er ein fantastisk moglegheit for oss, seier Olsen.

– Vil auka kvaliteten

Totalt skal fire forskarar inn til ein pris på 137 millionar kroner.

Alt er i tråd med regjeringa sin plan, fortel Olsen.

– Det står i den strategien som også regjeringa ønska å gjennomføra. Nemleg å auka kvaliteten på norsk forsking gjennom internasjonal forsking. Det er akkurat det me gjer no.

Ifølge Nele Meckler har forskarane som kjem til Bergen mykje å sjå fram til.

– Dette er ein svært spennande plass å vera. Universitetet her har eit spesielt fokus på klima, så for meg er dette midt i blinken.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo