Hopp til innhold

Fekk 50 000 etter maraton-førelesing

Han gjekk gjennom 200 års historie på 200 minutt. I dag fekk han 50 000 i gåve frå Universitetet i Bergen. – Sjeldan vi gir slike gåver, seier rektor.

Frank Aarebrot

MARATON: Eit snitt på 230 000 sjåarar såg direktesendinga på NRK2.

Foto: NRK

Penger til Frank Aarebrot

FEKK 50 000: Her får Frank Aarebrot pengegåva frå rektor Dag Rune Olsen ved UIB. Tildelinga skjedde i samband med ei førelesing i føremiddag.

Foto: Karina Asbjørnsen

– Vi vil påskjøna han for framifrå formidling av forsking, spesielt etter det siste føredraget om norsk historie som blei ein stor suksess, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UIB) til NRK.

Han avbraut ein overraska professor Frank Aarebrot (65) midt under ei førelesing i føremiddag, og delte ut pengegåva.

Populær sending

Mange var svært begeistra over sendinga og hylla Frank Aarebrot på Twitter for ein god og aktuell gjennomgang av dei siste 200 års historie i Noreg.

Eit snitt på 230 000 sjåarar såg det direktesende programmet fredag kveld for litt over to veker sidan. NRK2 hadde ein marknadsdel på 15 prosent av all TV-sjåing i landet på same tidspunkt.

Aarebrot heldt maratonføredraget i samband med NRK si dekning av 200-årsjubileet for grunnlova. Professoren i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen leia det norske folk gjennom forteljinga om vårt land frå 1814 og fram til i dag.

– Eg syns det var morosamt og engasjerande. Aarebrot byr på seg sjølv. Det er underhaldande, lett forståeleg og når ut til folk, seier UIB-rektoren, som meiner Aarebrot har profilert universitetet på ein særleg god måte.

– Kan læra mykje

– Det er nok mange førelesarar som har mykje å læra av Aarebrot, sjølv om vi har mange dyktige på Universitetet. Aarebrot er i ei særstilling, ikkje minst når det gjeld å by på seg sjølv, seier Olsen.

Professoren har tidlegare fått formidlingsprisen frå Universitetet i Bergen. Derfor var universitetet nøydd til å finna ein annan måte på heidra han på.

– Det er ikkje ofte vi deler ut slike pengegåver, og det viser at vi set veldig stor pris på det Frank Aarebrot har fått til, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han har fått signal om at pengane vil gå til ein studietur til USA, der Aarebrot ønskjer å studera politikk og utvandring.

– Senk skuldrene

Frank Aarebrot blei vippa litt av pinnen då rektoren avbraut ei førelesing i dag.

– Han kom togande inn med kjede rundt halsen. Eg skjøna jo at det var noko positivt som skulle skje. Han heldt ein vakker tale. Eg blei litt rørt, og det beste var at heile studentflokken var til stades, seier Aarebrot til NRK.

Han seier det er mange førelesarar som er for opptatt med å vera flinke, og at dei kanskje førebur seg for mykje. Sjølv har Aarebrot aldri brukt manus.

– Det er viktigare å få blikkontakt enn å unngå feil. Eg trur ein del førelesarar må senka skuldrene litt, seier professoren.

Han meiner det er veldig viktig å visa studentane at stoffet er spennande. Dessutan er det viktig å velja ut kva delar av pensum ein skal legga vekt på i førelesingane.

– Mykje kan dei lesa sjølv. Men vi som førelesarar kan hjelpa studentane til å forstå vanskelege delar av pensum. Då vil dei oppleva det som nyttig, seier den erfarne førelesaren.

Direktesending fra Kvarteret i Bergen. Den aldri hvilende professor, kommentator, demokratiforsker og statsviter Frank Aarebrot stunter Norges historie de siste to hundre år direkte - på 200 minutter.