UiB er best i Noreg

Vestlandet har det aller beste universitetet i landet. Og det er i verdsklasse.

Universitetet i Bergen

I verdsklasse -og best i landet, Universitetet i Bergen.

Foto: Thor Brødreskift / Thor Brødreskift

– Det er viktig for Vestlandet å ha eit universitet i verdensklasse, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

UiB kjem på 135. plass på Times Higher Education si lista over verdas beste universitet.

Det gjer universitetet til det beste i Noreg.

Oslo ligg 50 plassar under UiB

Det har vore knytta spenning til om Universitetet i Oslo, UiO, ville gå forbi UiB på lista. Resultatet for Oslo har nemleg vore forseinka grunna ein reknefeil.

Sigmund Grønmo.

Nøgd rektor: Viktig for Vestlandet med eit slikt universitet, slår Sigmund Grønmo fast.

Foto: UiB

Men då resultata endeleg kom, var likevel UiB betre.

UiO hamna på ein 186.plass på lista, over 50 plassar under universitetet på Vestlandet.

Dette er sjølvsagt viktig for oss når me kan hevda oss enda betre, nasjonalt og internasjonalt, for å få gode studentar og tilsette, slår den nøgde rektoren fast.