Ugle sit fast i skorstein

Brannvesenet rykte ut og ana ugler i mosen då ein huseigar i Totlandsvegen i Fana høyrde mistenkelege lydar frå skorsteinen. – Mannskapen er på plass og vil prøva å «ugla seg» innpå krabaten. Dei har skarpe klør og det er ikkje så mange som tør å baksa med dei sjølve, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik. Det er til no uvisst kva ugleindivid det er snakk om.