Hopp til innhold

UDI: – Fleire må busetjast på Vestlandet

Over 1800 asylsøkarar kom til Noreg denne veka. No ber UDI kommunane førebu seg på utbygging av akuttmottak.

Regiondirektør i UDI, Atle Berge

Regiondirektør Atle Berge i UDI seier behovet for mottaksplassar i landet er prekært.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Det er eit stort behov for fleire mottaksplassar. Når oktober er omme reknar UDI med at 20.000 asylsøkjarar har funne vegen til Noreg i år.

– Behovet er prekært, seier regiondirektør i UDI, Atle Berge.

Fleire akuttplassar i Hordaland

Nasjonalt har UDI sett 7500 plassar ut på anbod. 1500 av dei skulle vere på Vestlandet.

– Vi klarte å etablere 880. Vi er sjølvsagt nøgde med at vi klarte å få desse i orden, men det betyr også at det er stor mangel, seier Bergen.

Med så få ordinære plassar i boks, må UDI opprette fleire mellombels akuttplassar. Fleire av desse vil truleg også blir oppretta i Hordaland.

– Slik situasjonen er på landsbasis no, med store daglege ankomstar av nye asylsøkjarar, så kan ein ikkje sjå vekk frå det, fortel Berge.

Oppfordrar kommunane til å drifte eigne mottak

Det er i hovudsak private og frivillige aktørar som søker om å starte asylmottak. I Hordaland fylke er det berre Ullensvang kommune som sjølv driftar mottaket.

Berge oppfordrar fleire kommunar til å starte sine eigne mottak.

– Sjølvsagt må den enkelte kommunen sjølv avgjere dette, men frå UDI si side oppfordrar vi til det, seier Berge.

Erlend Horn

VIL VURDERE: Byråd for sosial, bustad og inkludering i Bergen, Erlend Horn, seier kommunen vil vurdere å opne eigne asylmottak.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Vi må vere opne for det

Byråd for sosial, bustad og inkludering i Bergen, Erlend Horn, seier kommunen er klare for å ta i mot flyktningar på kort varsel.

– Vi må berre prøve å snu oss rundt så raskt det forsvarleg lar seg gjere. Vi er veldig klar over den situasjonen både verdssamfunnet, men også Noreg, er i. Vi ønskjer så langt det lar seg gjere å vere fleksible, seier Horn.

Bergen kommune vil også vurdere å drifte eit eige mottak.

– Slik stoda er no gjeld det å bruke alle gode krefter, og då må også kommunen vere open for at vi kan vere med å drifte mottak. Vi har endå ikkje konkludert om vi skal gjere det eller ikkje, avsluttar Horn.