Hopp til innhold

Ubåtpengar til Fedje

Regjeringa føreslår overfor Stortinget at det skal løyvast 28 millionar kroner ekstra til fleire undersøkingar av ubåtvraket ved Fedje.

Fedje
Foto: Kystverket / Scanpix

Kystdirektoratet manglar framleis viktig kunnskap for å kunna gje ei fagleg forsvarleg tilråding om korleis faren for ureining frå vraket og lasta bør fjernast.

Det er viktig at dei får gjort desse undersøkingane til sommaren når vêret tillet det, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i ei pressemelding. 

65 tonn kvikksølv

Den tyske ubåten blei senka ved Fedje på slutten av 2. verdskrigen, og hadde ei last på 65 tonn kvikksølv. 

Tidlegare er det stadfesta at det fins behaldarar med kvikksølv ved og i vraket, og innbyggjarane på Fedje har lenge uroa seg for eventuelle lekkasjar frå vraket.

Undersøkjingar til sommaren

Kystdirektoratet skal til sommaren undersøkja ei rekkje tilhøve som gjeld tilstanden til kvikksølvbehaldarane og vraket for å kunna gje ei best mogleg vurdering av korleis problemet bør handterast.

Direktoratet kalkulerer kostnaden til vel 31 millionar kroner. Det står att tre millionar av løyvinga til arbeida kring vraket i fjor som blir overførte til i år.