NRK Meny
Normal

Nektar å velja mellom gigantprosjekta

Alle vil ha rask utbygging av ny veg og jernbane mellom Bergen og Voss. Men hordalandsbenken vil ikkje høyra snakk om å velja mellom E16 og ferjefri E39.

Øyvind Halleraker

UAKTELT Å VELJA: – Det er uaktuelt å velja mellom ferjefri E39 og ny veg og bane mellom Arna og Voss, seier Øyvind Halleraker frå Høgre som leiar hordalandsbenken på Stortinget.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Eg og Haga har følt oss åleine i denne saka om E16 og vossabanen. Difor er er det ekstra gledeleg at vi klarar å endeleg samlas, seier ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb.

Ringkjøb og ordførar i Vaksdal kommune, Eirik Haga, kunne gleda seg over ein liten siger i går, men er likevel klare på at kampen ikkje er vunnen.

Øyvind Halleraker

UAKTELT Å VELJA: – Det er uaktuelt å velja mellom ferjefri E39 og ny veg og bane mellom Arna og Voss, seier Øyvind Halleraker frå Høgre som leiar hordalandsbenken på Stortinget.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Hoppar ikkje fram i prioriteringskøen

Sjølv om ein samla hordalandsbenk vil jobba for at E16 og den nye vossabanen skal realiserast så fort som råd, betyr ikkje det at dei går inn for å prioritera sambanda mellom Arna og Voss før andre prosjekt – som ferjefri E39 og bru over Bjørnafjorden.

– Det er uaktuelt. Det har ikkje vore ein diskusjon og dei fleste vil meina at det er heilt uaktuelt, seier Øyvind Halleraker frå Høgre som leiar hordalandsbenken på Stortinget.

– Må tenka på meir enn eit prosjekt

Han seier det er uaktuelt for hordalandspolitikarane å utsetja ferjefri E39 for å få i gang bygginga av E16.

Vaksdal ras

RAS: Det er gått to ras over E16 og jernbanen i Vaksdal på få dagar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Vi har tidlegare i Hordaland blitt møtt med spørsmål frå sentrale styresmakter om å prioritera mellom store prosjekt, men det har vi aldri gjort og det har gått bra, seier Halleraker.

– Vi fekk beskjed om at Nordhordlandsbrua og Askøybrua ikkje kunne byggast samtidig, og vi fekk beskjed om å prioritera mellom Hardangerbrua eller trekantsambandet, men vi er eit stort fylke som må tenka på fleire enn eit prosjekt om gongen, legg han til.

– Problem med å bli einige

Eirik Haga og Hans Erik Ringkjøb meiner manglande kultur for å villa prioritera – kan verta ei utfordring i kampen for ny veg og ny jernbane.

– Det har vel vore problemet til hordalandspolitikarane at vi har vore veldig ambisiøse i regionen og har hatt problem med å bli einige, seier Haga.

– Det er heilt opplagt at vi kan koma opp i vanskelege prioriteringsdebattar, men vi meiner at Noreg ikkje har råd til å la vera, legg Ringkjøp til.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo