Hotellet blei slått konkurs i januar i år. Men no satsar Fugl Fønix Hotell i Etne for fullt på hotellet i Tyssedal.
- Me har trua på hotelldrift i Tyssedal, seier administrerande direktør ved Tyssedal Hotel, Audun Stene.
Positive tal
I januar i år gjekk det historiske hotellet nok ein gong konkurs, og då bestemte Stene seg for at han ville satsa på hotellet i indre Hardanger.
- Naturen rundt her og historien til hotellet er fantastisk, meiner han.
Til no er besøkstala positive både for mai og juni, og Aune trur på overskot óg til hausten.
- Det har vore eit skrikande behov for overnatting her på vinteren. Blant anna har Røldal gått ut og sagt at dei manglar overnatting til deira gjester. Då er me absolutt ein potensiell, berre 25 minuttar unna, meiner Aune.
Historiske røter
Tyssedal hotell har lange historiske røter. Sidan 1913 fungerte hotellet som representasjonshotell for forretningsmenn som vitja dei tre store industriverksemdene i Odda.
Mange viktige avgjersler blei tekne på nett dette hotellet.
I 1993 blei hotelldrifta overlatt til private hender og sidan har ingen lukkast i å driva det ærverdige hotellet.