Hopp til innhold

300 meter over fjorden fall turisten i fossen: – Vi trudde han var død

Dramatisk då tysk turist fall i turistmålet Langfoss ved Åkrafjorden.

Tysk turist fall i Langfoss

STORAKSJON: Det vart ei stor utrykking frå naudetatane til turistmålet i Etne.

Foto: 03030-tipser

Fallulukka vart meld inn til naudetatane klokka 12.06. Politiet sende både dykkarar og redningshelikopter då dei fekk melding om at det var fleire personar som hadde falle i Langfoss i Åkrafjorden i Etne.

Etter 20 minutt fekk dei melding om at personane var komne på land igjen. Då politiet kom fram på staden, viste det seg at det var ein person som hadde falle i fossen.

– Det er ein tysk turist, som saman med andre har gått på stien som går langs Langfoss, fortel operasjonsleiar Jostein Reiestad i Sør-Vest politidistrikt.

Det skal ha vore dårleg vêr og svært glatt i området ved den populære stoppestaden langs E134.

Turistane skal ha klatra 300 meter opp frå fjorden og vegen, men personen som fall uti vart berga før han gjekk lenger ned i fossen.

Kledde av seg for å hjelpa

Til lokalavisa Grannar fortel dei fire tyskarane om opplevinga. Dei eine av dei fire mennene fall i ein kulp over fossen.

– Vi trudde han var død, er kameratane sitert på.

Då handla dei tre raskt, kledde av seg og batt kleda saman til eit tau. Nesten nakne kasta dei det provisoriske tauet ned til kameraten.

– Eg kjenner meg nokså utmatta, og føler redsel i kroppen når eg tenkjer på kva som hendte, fortel mannen som var i fossen til avisa.

Langfoss i Etne, langs E134

TURISTMÅL: Langfoss er ein populær stoppestad for folk som køyrer E134 i Etne. Hendinga skal ha skjedd over kanten øvst til venstre i biletet.

Foto: Geir K. Hus / NPK

Klokka 13.19 melde politiet at det var fire tyske turistar i turfølget. Dei var komne ned igjen på E134 og blei tekne med til Åkratunet av politi og helse for oppfølging.

Personen som fall i fossen var då våt og kald. Turistane har fortald politiet at det er glatt og sleipt på stien langs fossen og at sikta også er dårleg.

– Elles er dei fin form, tatt i betraktning det som har skjedd og at dei har vore i vatnet, seier operasjonsleiar Reiestad.

Han fortel vidare at turisten skal ha forsvunne for dei andre då vedkommande først fall i fossen, før dei fekk auga på han igjen.

Dramatisk

Malin Norheim Knutson jobbar på turistkiosken som ligg rett ved sida av fossen. Ho fortel til NRK at ho ikkje visste kva som hadde skjedd då det plutseleg kom ambulansar til staden.

– Det var oppe i fossen og klatra, då ein av dei fall ned. Alt ser ut til å ha gått bra.

Politiet har ikkje mistanke om at dei tyske turistane kan klandrast for å ha vore uforsiktige.

– Det er mitt andre år på turistkiosken og det er første gong eg har opplevd at noko slikt skjer.

Langfossen