Hopp til innhold

Tyr til Hurtigruten i streik

Hurtigruten har merka ein markert auke i pågangen i samband med streiken blant dei kabintilsette i SAS Braathens.

MS Nordlys
Foto: Alrik Velsvik / NRK

På hurtigruten MS Polarlys, som gjekk frå Bergen i går kveld, var det ingen ledige lugarar.

Det vil det heller ikkje bli før båten kjem til Tromsø om fire døgn.

Kommunikasjonskonsulent for hurtigruten, Helene Winsents, forventar ein topp i dag.

 

- Me merkar ein markert større etterspurnad etter plass ombord. Folk er ivrige etter å koma seg heim no når det er streik, seier Winsents.