Hopp til innhold

Tydelege råd som peikar feil veg, meiner fylkestoppar i KrF

«Overraskande», «Tydeleg», «Feil analyse». KrF-toppar på Sør- og Vestlandet er kritiske til Knut Arild Hareide sin tale til KrF-landsstyret i dag.

Jørgen Kristiansen

SPENT: Varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen, fylgjer spent med på talen til Knut Arild Hareide.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Det har vore knytt stor spenning til talen Knut Arild Hareide skulle halda for landsstyret i Kristeleg Folkeparti i dag. Førre veke gav han ut boka «Det som betyr noko», som mange tolka som eit førevarsel på dagens råd.
Hareide i ny bok før sidevalget: – KrF og Ap blir mer og mer like

I dag avslørte han kva han meiner betyr noko for partiet, og rådde dei til å vurdera eit samarbeid med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Tydeleg, men feil

– Knut Arild var veldig tydeleg i dag. Og det var godt å høyra, seier Beate Husa. Ho er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti si gruppe på fylkestinget i Hordaland, og er kjend for å høyra til den konservative sida i partiet.

Kampen mellom disse to kvinnene kan vise hvilken vei KrF går

– Eg skal ikkje leggja skjul på at eg er skuffa, seier ho.

Beate Husa

VIL I REGJERING MED HØGRE OG FRP: Beate Husa er glad for at Hareide var tydeleg i dag, sjølv om ho er usamd i konklusjonen.

Foto: NRK

For Husa vil helst at partiet skal gå inn i den sitjande regjeringa.

– Hareide opplever at han har vore ein bremsekloss for politikken til regjeringa, og trur at me ville ha halde fram i den rolla i regjering. Med KrF i regjering vil Frp få mindre innverknad. Me er to sentrumsparti og eit solid Høgre, så eg er usamd med han i den analysen, seier ho.
KrF lekker i vest – fylkestopp melder seg ut
Hareide beklager utmeldingene fra KrF
Grunnfjell på Sør- og Vestlandet

Kristeleg folkeparti har alltid stått sterkt langs kysten av Sør-Noreg. Partiet vart skipa som eit reint hordalandsparti i 1933. Årsaka var at kristenfolket var misnøgde med Venstre og skipa sitt eige parti. Seinare har partiet stått sterkast på Sør- og Vestlandet.

Overraska

På Sørlandet kom rådet frå partileiaren som ei overrasking.

– Eg synest at det var overraskande at Knut Arild var så tydeleg på at me bør velja arbeidarpartiet. For i det ligg det også at me må vurdera SV og også Raudt. Det vil verta vanskeleg for mange veljarar på Sørlandet, seier Jørgen Kristiansen.

Jørgen Kristiansen

MISNØGD: Varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen, vart overraska over konklusjonen til Knut Arild Hareide.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Kristiansen viser til ei undersøking Fedrelandsvennen gjorde for nokre år sidan, der det kom fram at to av tre KrF-veljarar meinte at partiet burde gå mot Høgre.

– Eg trur det i liten grad vert forstått dersom me skulle velja å kasta Erna Solberg som statsminister, seier varaordføraren i Kristiansand. Beate Husa, gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Hordaland

– Her er det Erna som gjeld

Heller ikkje i Møre og Romsdal vert råda helsa velkomne.

– Nordvestlandet har heile tida vore eit borgarleg område, og eg er overtydd om at dette vert motteke med skuffelse, seier Knut Støbakk gruppeleiar i fylkestinget.

Knut Støbakk

ERNA ER STJERNA: Tidlegare Giske-ordførar Knut Støbakk trur partifellane i Møre og Romsdal er skuffa over rådet frå Hareide i dag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Støbakk var ordførar i Giske kommune frå 2003 til 2015. I 2007 var Giske den kommunen i landet der KrF hadde størst oppslutnad.

Støbakk trur KrF vil tapa oppslutning på Vestlandet om dei går i kompaniskap med venstresida.

– Det er jo ho Erna som gjeld, seier Støbakk.

Mot eit historisk lineskifte?

– Eit samarbeid med Arbeidarpartiet vil bety eit historisk lineskifte, skriv Hans Fredrik Grøvan til NRK.

Grøvan sit på Stortinget for Vest-Agder KrF, og er kritisk til partileiaren.

– KrF er eit kristendemokratisk sentrumsparti som høyrer heime på ikkje-sosialistisk side, skriv han, og legg til at dei har oppnådd mange og viktige sigrar i samarbeidet med dagens regjering.

Hans Fredrik Grøvan

HISTORISK: Hans Fredrik Grøvan meiner at eit samarbeid med Ap vil vera eit historisk lineskifte for partiet

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ein logisk brest

– Eg hadde ønskt ein annan konklusjon, seier Geir S. Toskedal, som var stortingsrepresentant for Rogaland fram til valet i fjor.

– Det var ein fantastisk tale når det gjeld KrFs politiske saker og prosjekt. Men så var det siste del då, der han snakka om korleis ein skal omsetje programmet ut i røyndomen, der sakna eg ein del ting.

Kva sakna du?

– Han lanserer Sp, Ap og KrF. Det er langt ifrå eit fleirtal. Det er ei mindretalsregjering, og då må ein stø seg på andre parti. Då kjem SV, MDG og Raudt opp, og det brukte han ikkje eit ord på.

Han vil ikkje kalla alternativet urealistisk, men er usikker på om det har livets rett.

– Ein må ha eit stortingsfleirtal for å koma i regjering. Det var ein brest i logikken akkurat der, så lenge hans alternativ ikkje gjev fleirtal.

– Eit dristig val

Hans Olav Syversen var parlamentarisk leiar for KrF i førre stortingsperiode. Han òg føretrekkjer ei løysning på ikkje-sosialistisk side.

Hans Olav Syversen (Krf)

TJA: Hans Olav Syversen skulle helst ha sett at Hareide søkte mot Høgre.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

– Eg er samd med partileiaren i at dette er eit dristig val. Spørsmålet er om det er for dristig. Eg må seia at eg er usikker på korleis dette vert motteke i veljargruppene våre, seier han.

Han meiner at KrF vil få best gjennomslag for politikken dersom dei samarbeider med Solberg-regjeringa.

Jublar over Ap-råd

Som venta fekk rådet frå partileiaren ei blanda mottaking. Medan nokre vart skuffa, vart andre hoppande glade.

– Eg meiner Knut Arild sitt råd i dag var veldig godt, fordi han peikar på nokre viktige verdifellesskap i lag med Senterpartiet som KrF absolutt bør søkja, seier Tore Storehaug.

Storehaug representerer Sogn og Fjordane KrF på Stortinget.

– No skal me ta ein diskusjon internt om me skal høyra på Knut Arild sitt råd eller ikkje. For sjølv om KrF har fått veldig mange viktige gjennomslag det siste året så er det ein krevjande posisjon me sit i. Då treng me kanskje å gå inn i det alternativet me tydlegast ynskjer, slik at me kan vera med på å påverke politikken dag for dag, seier han.

Og han får støtte frå tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs.

– Det var ein veldig god tale, og eit tydeleg retningsval.

Einar Steensnæs

NØGD MED RÅDET: Tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs er godt nøgd rådet frå Hareide

Foto: Ingunn Strand

Steensnæs, som også har vore parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti, meiner Hareide balanserte dei ulike syna i partiet godt i talen og forklarte retningsvalet på ein framifrå måte.

– Eg må jo seia at eg vart veldig glad for konklusjonen. Han er jo i sterk grad i tråd med det eg har gjeve uttrykk for. Eg er nøgd med at han bad om dette handlingsrommet. Det betyr ikkje at me utan reservasjon skal samarbeida til venstre for oss, men at me skal forsøkja å finna ein felles politisk plattform når vegen til høgre er stengd, seier Steensnæs.

No treng me ein god prosess

– Eg synest det var ein god tale, seier Dag Inge Ulstein, som også er finansbyråd i Bergen.

Han meiner at det viktigaste no er å få ein god prosess i partiet som sikrar gjennomslag for KrF sin politikk.

Dag Inge Ulstein

TRENG GODE PROSESSAR: Finansbyråd i Bergen Dag Inge Ulstein håpar sentrum på ny kan verta ei politisk kraft i norsk politikk.

Foto: Siri Løken / NRK

– Hareide peikar tydeleg på at sentrum no kan oppstå på ny som drivande kraft i norsk politikk. Det er eit ynske eg deler, seier han.