NRK Meny
Normal

Twitter kokte under Aarebrots foredrag

Fleire tusen tweets med emneknaggen #nrk2014 kom inn då Frank Aarebrot gjekk gjennom 200 år av norsk historie på like mange minutt.

Frank Aarebrot foredrag

GOD KOK: Det var god stemning under Frank Aarebrot sitt foredrag om dei 200 siste åra i norsk historie. Både i salen på Det Akademiske Kvarter og på Twitter koka det.

Foto: Heine Aarbø

Sett vekk ifrå dei varme lampene var dette som å halde ei vanleg forelesing.

Frank Aarebrot

Mange var svært begeistra over sendinga, og fleire hyllar Frank Aarebrot for ein god og aktuell gjennomgang av dei siste 200 års historie i Noreg. Emneknaggane #nrk2014 og #200aarebrot vart på Twitter raskt sokalla "trending topics" i Noreg i løpet av sendinga.

Det er i samband med NRK si dekning av 200-årsjubileet for Grunnlova at professoren ved Universitetet i Bergen leia det norske folk gjennom forteljinga om vårt land frå 1814 og fram til i dag.

Stor pågang

Frank Aarebrot foredrag

Professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot heldt si livs forelesing direkte på TV og nett fredag kveld.

Foto: Heine Aarbø

Professoren frå UiB klarte seg med to røykepausar og gav eit foredrag som fleire gonger hausta latter og applaus frå dei rundt 100 menneska som fylte Teglverket på Det Akademiske Kvarter. Også her var pågangen stor, og det vert meldt om lange køar med folk som ville inn og sjå foredraget til UiB-professoren.

Sjåartala for direktesendinga på NRK2 er førebels ikkje klare. Men under sendinga kom det inn kring 5000 meldingar på Twitter.

Hovudpersonen sjølv var nøgd med foredraget, sjølv om lampene på scena gjorde det noko heitare enn det plar vere i forelesingssalar på UiB.

– Det gjekk relativt bra og folk kom med gode tilbakemeldingar. Det set eg pris på, seier Aarebrot til NRK.

Laster Twitter-innhold

Sett vekk ifrå dei varme lampene var dette som å halde ei vanleg forelesing.

At Twitter kokte medan han losa det norske folk gjennom historia, meiner han mindre om.

– Eg har ikkje peiling på kva som er normalt der, men at folk engasjerer seg er artig, ler han.

Hausta ros

Frank Aarebrot foredrag

HØYRDE GODT ETTER: Teglverket på Det Akademiske Kvarter i Bergen var fullt under forelesinga.

Foto: Heine Aarbø

Fleire på Twitter rosa Aarebrot for å snakke om tema som den i dag i dag er aktuelt eller under debatt, og for å trekkje i dei store linjene i Noregs historie.

– Det var bestemt på førehand. Det var naturleg for meg å trekke dei store linjene og overføre kunnskap frå ein situasjon til ein anna. Det er jo ein del av faget samanliknande politikk.

Då Aarebrot til dømes trakk fram kvinnesaksforkjempa Katti Anki Møller og Mødrehygienekontora som ein av hans mange heltar, hausta han mange gode ord på mikrobloggsamfunnet.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Avslutta med dikt

Lenge såg det ut til at Aarebrot skulle sprenge tida, og då det var 10 minutt att var han enno ikkje ferdig med 1980-talet.

– Det vart litt kort tid på slutten der?

– Nei, det var ingen problem!

Aarebrot kom han altså i mål og avslutta med eit dikt frå lyrikaren og forfattaren Nordahl Grieg:

Langsomt ble landet vårt eget
med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet,
en svakhet for liv som gror

Nordahl Grieg

Publikum reiste seg i salen og gav Aarebrot ein lang og god applaus.

– Var det noko du ikkje fekk sagt som du ønskte å fortelje meir om?

– Nei, men det var saker eg annonserte at eg skulle koma tilbake til eller seie meir om, og så gløymde eg det, seier Aarebrot, som gjennomførte forelesinga utan manus.

Og kanskje blir det fleire liknande «stunt» på professoren.

– Det kjem jo litt an på stuntmakaren, men når Studentersamfunnet spør så stiller eg opp.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Sjå foredraget på nytt

Gjekk du av ein eller annan grunn glipp av foredraget i går kveld, eller berre har lyst til å sjå det heile om att? Du kan følgje denne lenka til nettspelaren til NRK.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo