Tvingar gjennom ny gondolbane på Voss

Både ordførar og utbyggjar tek sjølvkritikk for måten dei har gått fram i møte med huseigarane. – Me forstår at grunneigarane føler seg overkøyrde og dårleg ivaretekne, seier utbyggjar.

Slik blir den nye Hangursbanen

SLIK BLIR NYE HANGURSBANEN: Tysdag vedtok kommunestyret på Voss å løysa inn eigedomar med tvang for å gjera plass til den nye gondolbanen. Prosjektet er kostnadsrekna til 225 millionar kroner.

Foto: HLM Arkitektur AS

Med eit fleirtal på 30 mot 13 stemmer vedtok politikarane på Voss tysdag å nytta tvang til å løysa ut eigedomar for å byggja ny gondolbane frå Voss stasjon til Hanguren.

Planane for den nye banen har skapt sterke reaksjonar blant grunneigarar som no risikerer å få ein gondolbane rett over hustaka.

For fleire av innbyggjarane på Vossevangen kan prisen å betala bli vanskeleg å måla i kroner og øre.

– Korkje ordførar eller utbyggjar har makta å setja seg inn i vår situasjon, seier Kristen Skjeldal, ein av grunneigarane som vil vurdera å flytta om gondolbanen blir realisert.

Kristen Skjeldal med Vossevangen bak

MAKTESLAUS: Kristen Skjeldal er ein av grunneigarane som ikkje ville inngå avtale med Voss Gondol om å ha ein gondolbane like over eigedomen. –

Foto: Mette Anthun / NRK

– Overkøyrd av kommune og utbyggar

Tidlegare skiløpar og OL-vinnar Kristen Skjeldal reagerer på måten grunneigarane har blitt behandla på av kommunen og utbyggjaren sjølv, Voss gondol AS.

– Saka har vore tung og energikrevjande. Mykje informasjon har me måtta finna fram til sjølv. Dette burde ha kome frå utbyggar eller Voss kommune. Når eg antydar at eg kanskje ikkje kan bu her med ein gondolbane, blir eg møtt med at kommune og utbyggjar bagatelliserer ulempene for oss.

Ordfører Ringkjøb i kommunestyresalen på Voss

FÅR KRITIKK: Ap-ordførar Hans Eirik Ringkjøb vedgår at Voss kommune burde ha løyst den opprivande saka på ein betre måte. – Eg håpar me kan prata med grunneigarane og få gode råd til korleis me kan handtera liknande prosessar i framtida, seier han. Ringkjøb var blant fleirtalet som stemte for oreigning i kommunestyret tysdag.

Foto: Mette Anthun / NRK

Me må vera ærlege og ta til oss at grunneigarane føler seg overkøyrde og dårleg varetekne.

Øyvind Wæhle, administrerande direktør, Voss Resort

Ordførar tek sjølvkritikk

Ordførar Hans Eirik Ringkjøb (Ap) tek sjølvkritikk for måten grunneigarane har blitt informert på.

– Me må vera lydhøyre for kritikken som kjem og sjå om det er andre måtar me kunne ha gjort dette på.

Ordføraren vedgår at saka har vore tung, spesielt når ulempene er såpass store for familiane det gjeld.

– Eg ville også ha opplevd å bu under ein slik bane som ei stor belastning. Men vår jobb som folkevalde er å ta vanskelege avgjersler.

Skisse Hangursbanen nedre stasjon

KLART FLEIRTAL: Ny gondolbane på Voss står sentralt i satsinga på turisme­, og vert difor sett på som eit samfunnsnyttig tiltak, meiner politikarane. Tysdag vedtok dei å tvangsinnløysa eigedomar for å gjera plass til gondolbanen.

Foto: HLM Arkitektur AS / Tegmark

– Forstår eigarane

Administrerande direktør i Voss Resort, som eig Voss Gondol, Øyvind Wæhle, seier han er glad for at utbyggjarane kan ta prosjektet eit steg vidare.

– Mykje av finansieringa vil naturlegvis basera seg på kva vedtak som vart gjort i dag. Når ein no har eit vedtak ein kan halda seg til, vil det gjera arbeidet lettare.

Men også Wæhle forstår at grunneigarane føler seg sett på sidelinja..

Adminstrerende direktør Øyvind Wæhle

EVALUERER EIGEN INNSATS: Administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort seier selskapet vil evaluera korleis Voss Gondol har kommunisert med grunneigarane. –

Foto: Voss Resort

– Den gamle Hangursbanen har vore eit landemerke som alle vossingar har hatt eit forhold til. I alle tilfella der den nye traseen ville blitt lagt, hadde nokon blitt råka.

Startar evaluering

Direktøren tør ikkje spekulera i kor mykje Voss Resort må betala grunneigarane i erstatning. Kva som er rett erstatning til grunneigarane skal rettsstellet fastsetja med skjøn.

– Eg har ingen kommentar til pris. Ei nemnd skal vurdera dette og det får me koma attende til.

Fleire grunneigarar har kravd ei evaluering av prosessen i lag med utbyggjar. Denne jobben skal Voss gondol snart i gang med, opplyser Wæhle.

– Me skal samarbeida tett med grunneigarane i tida som kjem. Målet må vera at me i framtida får til eit samarbeid som fungerer for begge partar.

I ein tidlegare versjon av denne saka vart ein eldre illustrasjon av nedre stasjon nytta. Biletet er no erstatta med ein ny illustrasjon.