Det er tvilsomt at mange barn i Bergen har giardia.
Det meiner seksjonsoverlege og smittespesialist, Nina Langeland, ved Haukeland universitetssykehus.
Liten risiko
Påfallande få barn har fått påvist giardia.
Men helsevernetaten i kommunen fryktar mange barn smittar andre utan at dei sjølv har blitt sjuke.
Smittespesialisten er uenig med kommunen og trur få barn er smitteberarar, fordi epidemien no avtar.
Planlegg storkontroll
Smittevernlegen i Bergen planlegg at 2 og 4 åringar i Bergen sentrum i haust skal levera avføringsprøvar når dei kjem til rutinekontroll på helsestasjonen.
Det er ikkje avgjort om alle, eller eit lite utvalg barn, skal undersøkjast.
Langeland meiner det korkje er viktig eller har hast med å kontrollera om barn i Bergen sentrum har giardiasmitte.