Hopp til innhold

Jente (14): – Eg har vore gifta vekk for pengar tre gonger

– Mor sa eg måtte ha samleie med guten, for ho hadde allereie fått pengane. Det fortel fjortenåringen som er eit av offera i menneskehandelsaka.

Menneskehandel

Forsvarar Carl-Christian Grythe Hoff saman med sin klient, ei av seks personar som er tiltalte i menneskehandelsaka.

Foto: Paul S. Amundsen / Scanpix

I dag forklarar den fyrste av borna, som skal ha vore offer for menneskehandel, seg i Bergen tingrett. Jenta er i dag 14 år. Mora, broren og onkelen hennar sit på tiltalebenken.

Ho skal ha blitt gifta vekk tre gongar i Romania med gutar ho ikkje kjente. Kvar gong fekk mora fleire tusen euro i medgift.

– Måtte ha samleie

– Mor hadde sagt eg måtte ha samleie med han sidan ho hadde fått betalt, og to-tre menn heldt meg fast medan han guten hadde samleie med meg. Eg grein og skreik veldig mykje, fortel jenta.

Dette skjedde òg med dei to neste ektemennene.

Ifølgje tiltalen fekk mor til jenta om lag 10 000 euro for ho av familien til den fyrste ektemannen. Dei to neste betalte ikkje like mykje.

– Etter at eg hadde hatt samleie med den fyrste guten, kom mor inn og sa det var bra at eg hadde vore jomfru.

Dei fornærma stiller ikkje i retten, men har vore i dommaravhøyr på førehand. Videoavhøyr med 14-åringen vart spelt av i dag.

– Dei trua meg med at dei skulle slå meg så mykje at dei tok livet av meg om eg ikkje gjorde som eg fekk beskjed om, skal ho ha forklart i eit av dei tre avhøyra.

Det er andre dag i retten i det som er noregshistoria si største menneskehandelsak. Seks vaksne står tiltalt for å ha utnytta fire born til tjuveri og gatesal i Noreg og Sverige. Nokre av dei er òg tiltalt for vald, overgrep og tvangsekteskap.

Tiltalen i saka måtte godkjennast av Kongen i Statsråd for å komme opp for retten, fordi fleire av tiltalepunkta er hendingar frå Sverige og Romania.

Menneskehandel Bergen Tingrett

Saka mot dei seks rumenarane er noregshistoria sin største menneskehandelsak.

Foto: Alexander Vollestad Larsen / NRK

– Kidnappa

Her fortel jenta at ho som tolvåring vart kidnappa av ukjende personar, og vart heldt innesperra i eit hus i 10–11 dagar. Der vart ho vart voldtatt og mishandla.

– Dei sa eg ikkje kom meg vekk derifrå for dei hadde betalt 10 000 euro til mor og 3000 til politiet, forklarar jenta.

Dette skal ha vore det fyrste av tre ekteskap for jenta.

– Gifta vekk på grunn av pengar

Jenta fortel om vald, flukt, ny kidnapping og mor og bror som slo fordi ho ikkje oppførte seg som ho skulle i dei arrangerte ekteskapa.

Mora skal ha lova vekk dottera, og fått betaling for ho, då ho var seks år gammal.

Kvifor vart du gifta vekk?

– På grunn av pengar.

Kan du utdjupe det?

– Blant romfolk er det vanleg at døtrene vert selde. Jenta må ha samleie med guten, og så er ekteskapet i gang.

Etter tre ekteskap med vald og valdtekter, tok mora ho med til Sverige.

Her vert familien pågripen for butikktjuveri, før dei seinare reiser til Noreg og Bergen.

– Vil bli i Sverige

– Ho lyg, seier bror hennar, som er tiltalt i saka, til NRK.

Jenta har sidan familien vart pågripne i oktober 2010, vore teken hand om av svensk barnevern.

– Dersom eg må reise tilbake til Romania, får eg problem. Dei kjem til å spore meg opp, skal jenta ha forklart til politiet.

Ho skal også ha forklart at ein onkel har kontakta ho på Facebook og bede ho trekkje tilbake forklaringa si.

Når retten spør kva ho vil i framtida, seier jenta:

– Eg vil gå på skule og bli eit heilt vanleg barn i Sverige.

– Kvifor vil du bli i Sverige?

– For å sleppe å gifte meg og å stele.

Vil du ha kontakt med familien din att?

Nei.

Bobi Calin og ein av dei fornærma

Bror til jenta som forklarte seg for retten i dag, er tiltalt i saka. Han seier jenta lyg.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Måtte stele

Den delen av tiltalen som kan føre til dom for grov menneskehandel, går på at dei tiltalte skal ha teke med seg dei fire jentene til Sverige og Noreg. Her vart dei tvungne dei til å tigge, stele og selje falske gullvarer.

I byrjinga av avhøyret fortel jenta om skjørta med innsydd lomme i, som politiet meiner er ei viktig brikke i at borna vart tvinga til å stele då dei tok dei med til Sverige og Noreg.

Slått til blods

14-åringen vert så spurt ut om dei falske smykka. Ho fortel at dei var nødde å selje dei heile dagen då familien var på reise i Sverige.

Delar av tiltalepunkta er hendingar frå Sverige, då familien var i Noreg og Sverige på dei same turane.

– Om eg ikkje klarte å selje ringane, skreik og hylte mamma til meg, fortel jenta.

– Skjedde det noko meir?

– Eg vart slått i ansiktet og på føtene, nokre gongar til blods, fortel jenta.

– Med hendene?

Nei, med noko hardt, eg veit ikkje kva.

– Kva med pengane?

– Dei gav eg til mamma.

Jenta fortel at mora har vist ho korleis ho skal stele frå butikkar, og at det var ho som gav ho skjørtet med lomme i. Vidare fortel ho at ho ikkje likar å stele, men at mora ikkje likte det då ho sa det til ho.

Heile familien selte smykke

Ho fortel at ho ikkje likte å selje ringar, og at ho ikkje visste at ho skulle det før dei reiste frå Romania. Resten av reisefølgjet frå Romania var òg med på å selje dei falske smykka.

Storparten av tysdagen vert brukt på å vise det over fire timer lange opptaket av avhøyret med den fyrste av dei fire jentene.

Det er sett av 55 dagar til saka i Bergen Tingrett.