Hopp til innhold

– Dei utset seg for ein dødsrisiko ved å flykte

Meron Estefanos åtvarar eritrearar mot den ekstreme dødsrisikoen dei utset seg for ved å flykte frå heimlandet. Då NRK møter ho i Bergen, ringer telefonen: 400 eritrearar sit i ein båt som er i ferd med å forlise.

Meron Estefanos

SETTE I GONG REDNINGSAKSJON: Frå ein kafe i Bergen får Meron Estafanos telefon frå flyktningar om bord på ein båt i Middelhavet. Båten er i ferd med å søkke, og ho må varsle den italienske kystvakta.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Ein av filmane som blei synt under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) denne veka, var Sound of torture, ein film som fortel historia til dei mange tusen eritreiske flyktningane som kvar månad flyktar over Middelhavet til Europa.

Flyktninger strandet i Libya.

Ei gruppe afrikanarar som blei redda etter at båten de sett i, forliste utanfor Libya i september. De fleste overlevde dette forliset, men same dag kom det melding om at om lag 700 andre personar truleg har mista livet på havet idet de forsøkte å ta seg til Europa de siste dagane.

Foto: ISMAIL ZITOUNY / Reuters

Filmen følgjer svensk-eritreiske Meron Estefanos som i sitt radioprogram i Sverige fortel om situasjonen til desse flyktningane.

NRK møter ho for å intervjue ho om filmen, men så ringer mobilen hennar.

– Eg fekk ein samtale frå flyktningar som sit i ein båt som held på å søkke i Middelhavet. Det er difor eg er litt distrahert, unnskyldar ho seg overfor NRKs reporter.

– Båten held på å søkke no?

– Ja. 400 eritrearar sit i den.

– Tusenvis druknar på flukt frå Eritrea kvar månad

Flyktningstraumen av unge menneske ut av Eritrea har auka kraftig dei siste åra. Tusenvis av menneske forlèt Eritrea kvar månad i båt over Middelhavet, med håp om å komme seg over til Europa.

Båtflykninger som blir reddet etter å ha blitt funnet i en overfylt båt

12. august opplevde eit norsk reiarlag igjen å måtte hjelpe båtflyktningar i nød, nær Libya. De redda ei rekke kvinner, menn, barn, eldre og unge frå ei lang rekke land.

Foto: Norges Rederiforbund

LES OGSÅ: Asylsøkertallene er de høyeste på 5 år

Men reisa dit er langt frå enkel, og det går ikkje bra for alle. Hittil i år har 3072 flyktningar omkomme på ferda over Middelhavet.

Meron Estefanos er journalist frå Eritrea, men har budd i Sverige dei siste 28 åra. Kvar veke lagar ho eit radioprogram som skildrar flyktningstraumen frå Eritrea. Difor kjenner flyktningane til ho, og ringer henne når dei er i nød.

Inne på ein kafe ringer Estefanos tilbake til flyktningane i havsnød. Dei har ein satellittelefon om bord.

– Location, location?, ber ho om gjennom telefonen.

Flyktningane ringer frå ein båt ein eller anna stad mellom Libya og Italia. Men dei har ikkje GPS om bord, berre eit kompass. Kaldt og roleg ber Meron dei om å lese opp tala på kompasset. Sjølv anar dei ikkje kvar dei er.

– Det er ingen som veit. Det er åtte nummer eg må ha, men han gav meg berre to, så då tek det veldig mykje lenger tid å hjelpe dei, seier ho.

Båtflyktninger utenfor den italienske øyen Sicilia

Ein stappfull båt med flyktningar blei plukket opp av den italienske marinen utanfor Sicilia i byrjinga av februar.

Foto: HANDOUT / Reuters

3072 flyktningar har omkomme på ferda i år

For nøyaktig eit år sidan døydde meir enn 350 flyktningar i ei båtulukke utanfor den italienske øya Lampedusa. Sidan har den italienske kystvakta reagert raskt på naudmeldingar.

Frå ein kafe i Bergen set Meron i gong redningsaksjonen. Ho ringer den italienske kystvakta, og fortel dei at båtens motor er øydelagd, og at den tek inn vatn. Den italienske kystvakta får opplysningane ho har fått, og alarmen går. Så ringer ho tilbake til båten. Ho spør kvar i Libya dei gjekk frå, og kven som er om bord.

Gjennom telefonen kan ein høyre kvinner som gret. Dei fortel at det er 15 gravide kvinne rom bord, åtte barn under fem år, og mange barn og unge. Dei forlét Libya 13 timar tidlegare.

– Italienarane har strekt kapasiteten veldig langt

Norske skip har plukka opp om lag 2500 flyktningar i Middelhavet. Desse skipa og italiensk kystvakt har hatt eit veldig godt samarbeid om å redde flest mogleg, seier Haakon Svane i Norges Rederiforbund.

Haakon Svane

– Italienarane har stukke kapasiteten sin veldig langt. Dette er eit problem som berører heile Europa, seier Haakon Svane i Norges Rederiforbund.

Foto: Norges rederiforbund

– Veldig mange redningsaksjonar går bra, men det er viktig for flyktningane og for mannskapet på redningsskipa at dei er trygge på at flyktningane blir tatt hand om skikkeleg. Det vil seie at dei blir oppdaga, at redningsaksjonar blir sett i gong, og at når norske eller andre skip plukkar dei opp, så veit ein at ein kan sette dei av i ei trygg hamn.

Italienarane har gitt signal om at dei ikkje lenger vil ta rekninga åleine for å redde flyktningane.

– Italienarane har stukke kapasiteten sin veldig langt. Dette er eit problem som berører heile Europa. Me veit det går føre seg ein diskusjon om dette i EU, og me har også tatt det opp med norske myndigheiter at det er viktig at dei bidreg på ein eller anna måte i det redningsarbeidet som går føre seg.

Oppmodar flyktningane om å bli i Eritrea

For eritrearar i Europa eller på veg mot Europa, er Meron Estefanos ei dei fleste kjenner og ringer når dei trenge hjelp. Radioprogrammet sender ho fyrst og fremst for å åtvare eritrearar mot den ekstreme dødsrisikoen dei utset seg for ved å flykte frå heimlandet.

Flyktninger på vei mot Libya for å migrere til Italia

Afrikanske migrantar som blei plukket opp i havet utanfor Libya, kviler i den tunisiske byen Zarzis, om lag 50 km frå den libyske grensa, den 9. august 2014. Båten var på veg til Lampedusa, ifølge Røde halvmåne.

Foto: F NASRI / Afp

– Eg hjelper dei så klart. Men samtidig vil eg at andre som er heime og som tenker på å flykte, skal lære av dette. Forsøk heller å endre ting heime, enn å flykte. Det må vere poenget.

NRK har ikkje klart å finne ut korleis det går med flyktningane i båten. Onsdag ettermiddag kom det meldingar om at det har vore eit båtforlis utanfor Libya. I det er minst 10 afrikanske flyktningar omkomme, og eit titals sakna, men ingen veit om dette er same båt.